186192
/befolkning/statistikker/folkemengde/aar-per-1-januar
186192
Nær 10 prosent med utanlandsk statsborgarskap
statistikk
2015-02-19T10:00:00.000Z
Befolkning;Innvandring og innvandrere;Befolkning
no
folkemengde, Befolkning, folketal, folkemengde, innbyggjarar, middelfolkemengd, sivilstand (for eksempel gifte, ugifte, skilde), eldre, alder, kjønnBefolkning, Folketall, Barn, familier og husholdninger, Innvandring og innvandrere, Befolkning
false
Statistikken gir oversikt over folkemengden i Norge 1. januar hvert år - fordelt etter blant annet alder, kjønn, sivilstand, bostedskommune, fylke og statsborgerskap.

Befolkning1. januar 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nær 10 prosent med utanlandsk statsborgarskap

Talet på utanlandske statsborgarar passerte ein halv million i 2014. Med 512 200 busette utgjorde dei utanlandske statsborgarane 9,9 prosent av folketalet i Noreg ved årsskiftet. Totalt folketal her i landet 1. januar var 5 165 800.

Folkemengd, etter alder. 1. januar
2015Endring i prosent
2014 - 20152010 - 20152005 - 2015
I alt5 165 8021,16,312,1
 
0 år59 3830,1-4,34,0
1-5 år314 571-0,64,37,5
6-12 år433 5781,31,90,2
13-15 år188 886-0,6-1,70,2
16-19 år262 481-0,11,615,5
20-44 år1 759 5130,86,210,7
45-66 år1 424 6491,16,517,3
67-79 år502 3045,124,028,5
80 år og over220 437-0,10,23,4

I takt med den sterke folkeveksten dei siste åra har talet på utanlandske statsborgarar meir enn dobla seg frå 2007. Då var det 238 300 utanlandske statsborgarar som var busette i Noreg. Dei svara til 5,1 prosent av folketalet. Til samanlikning stod 143 300 busette utlendingar for 3,4 prosent av folketalet i 1991. I Oslo runda utanlandske statsborgarar 100 000 i løpet av 2014, og dei 102 000 utlendingane som budde i hovudstaden 1. januar, utgjorde 15,8 prosent av innbyggjarane i kommunen. Utanom Oslo er det fylka Rogaland, Akershus, Buskerud og Finnmark som har den største delen utanlandske statsborgarar sett i høve til folketalet: over 10 prosent i kvart av fylka. Lågast del utanlandske statsborgarar har Nord-Trøndelag med under 6 prosent.

Framleis flest polakkar

Det er framleis polakkane som er den største gruppa utanlandske statsborgarar, og gruppa tel 93 600 busette. Dei andre større gruppene med utanlandske statsborgarskap ved siste årsskiftet var svenske og litauiske statsborgarar med respektive 45 100 og 39 500personar.

31 800 fleire menn enn kvinner

Talet på menn voks med 31 400, og talet på kvinner auka med 25 300 til 2 598 800 menn og 2 567 000 kvinner. Det har budd fleire menn enn kvinner i Noreg sidan 2010. Denne utviklinga ser ut til å fortsette, og per 1. januar 2015 var det eit overskot av menn på 31 800.

Folketalet i Noreg voks med i alt 56 700 i 2014, og innbyggjartalet auka i alle fylka. Størst folketilvekst, både i absolutte tal og prosent, hadde Oslo. I hovudstaden var det 13 200 fleire busette 1. januar 2015 enn på same tid året før. I alt 284 av dei 428 kommunane her i landet hadde vekst i folketalet i løpet av 2014, 138 hadde nedgang i folketalet og 6 kommunar hadde eit folketal på line med førre året.

Flest eldre i Hedmark, færrast i Oslo

Ved siste årsskiftet var 61,6 prosent av dei busette i aldersgruppa 20-66 år, medan 9,7 prosent var i aldersgruppa 67-79 år. Dei aller eldste, som var 80 år og over, utgjorde 4,3 prosent av folkemengda. Sett i høve til folketalet var det Hedmark som hadde flest busettei den eldste gruppa. Deretter kom Sogn og Fjordane og Oppland. Minst var delen i aldersgruppa 80 år og over i Oslo.

Tal blir publiserte også for bydelar og grunnkrinsarÅpne og lesLukk

Folketalet i grunnkrinsane i kommunane og i bydelane i dei fire kommunane som har ei slik inndeling, blir no publisert.

Ny tabell: Historien om befolkningen i NorgeÅpne og lesLukk

Lurer du på hvor mange barn som ble født utenfor ekteskap i din bygd i forrige århundre? Eller om det var flere enn dine oldeforeldre som giftet seg borgerlig i 1919? En ny detaljert og søkbar tabell gir utvidet kunnskap om befolkningen i norske herreder og byer fra 1906 til 1968.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB