Folkeauke i første kvartal trass i mindre innvandring

Publisert:

Endret:

Den norske befolkninga vaks med 8 300 personar i 1. kvartal. Ved utgangen av kvartalet budde det 5 336 500  personar i Noreg.

Artikkelen som blei publisert 20. mai, inneheldt feil tal. Tala er no retta.

Både fødselsoverskot og innvandring bidrog til auken, sjølv om talet på innvandringar heldt seg lågt samanlikna med det siste tiåret. 12 300 personar innvandra til Noreg i årets første kvartal, noko som med eitt unntak er det lågaste talet for eit kvartal sidan 2006. Gjennomsnittstalet for dei siste fire kvartala er 12 900 innvandringar, og representerer ei vidareføring av dei siste åras nedgåande trend, viser statistikken befolkning

Figur 1

Figur 1. Innvandringar. Per kvartal, og fire kvartals glidande snitt

Auken i folketal gjeld ikkje for alle delar av landet. Befolkninga minka i seks fylke, blant anna dei tre i Nord-Noreg; og ho gjekk ned i 218 av landets 422 kommunar.

SSB skreiv i april om samanhengen mellom minkande innvandring og aukande sentralisering. Tala frå det første kvartalet i 2019 kan sjåast som eit framhald av trendane det vart peika på den gongen.

Som i dei tidlegare kvartala er det ein tydeleg samanheng mellom innanlandsk flytting og landsdelar: Alle fylka i Nord-Noreg og på Vestlandet hadde negativ netto innanlandsflytting, medan tala for eit fleirtal av fylka på Austlandet var positive. Jamført med folketalet i kvart fylke var den netto innanlandske flyttinga størst i Akershus med 1,3 per 1 000 innbyggjarar, og minst i Troms med -1,5 per 1 000 innbyggjarar. Også desse mønstera er eit framhald av allereie kjende trendar. 

Figur 2. Nettoinnflytting. Innanlandsk og frå utlandet. 1. kvartal 2019

Nettoinnflytting, innanlandsk Nettoinnflytting frå utlandet
Heile landet 0.00 0.87
Østfold 0.91 0.38
Akershus 1.41 1.07
Oslo 0.19 2.16
Hedmark 0.16 1.04
Oppland -0.44 0.77
Buskerud 0.56 0.01
Vestfold 0.05 -0.90
Telemark -0.83 0.01
Aust-Agder -0.52 0.14
Vest-Agder 0.17 0.23
Rogaland -0.40 1.83
Hordaland -0.30 1.07
Sogn og Fjordane -1.49 1.01
Møre og Romsdal -0.47 0.87
Trøndelag 0.00 1.11
Nordland -1.01 -0.02
Troms Romsa -1.56 -0.34
Finnmark Finnmárku -1.08 -0.76

Litt fleire fødslar 

Talet på fødslar var 13 400, medan fødselsoverskotet, gjeve av differansen mellom talet på fødslar og talet på dødsfall, var 2 600. Båe desse tala er låge historisk sett, og i tråd med dei rekordlåge fødetala i 2018.

Fødselstalet gjev oss like fullt grunn til å spørje om nedgangen i talet på fødslar hjå den norske befolkninga har snudd, sjølv om det ikkje kan gje noko sikkert svar. I alle høve vart det registrert fleire fødslar i første kvartal 2019 enn i same kvartal året før. Ser ein på fødslar per 1 000 innbyggjarar, var det ein auke i 16 fylke samanlikna med førre kvartal, og i ni fylke samanlikna med første kvartal 2018.

Figur 3

Figur 3. Fødde. Per kvartal, og fire kvartals glidande snitt

Opprydding i folkeregisteret

Om lag ein tredel av utvandringane siste året gjeld personar som Skattedirektoratet har gjort vedtak om å utvandre. Dette er personar som ikkje lenger har opphaldsløyve, eller som har flytta frå landet for lengre tid sidan utan å melde frå.

Asylsøkjara ikkje med i statistikken

Asylsøkjarar som enno ikkje har fått opphaldsløyve i Noreg vert ikkje registrerte som busette i folkeregisteret og er difor ikkje registrerte som innvandra. Ein må vente til Utlendingsdirektoratet (UDI) har fått handsama søknadene deira før dei vert synlege i befolkningsstatistikken.

Kontakt