204220
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
204220
Arbeidsløysa 4,1 prosent
statistikk
2015-05-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,1 prosent i februar mars 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 4,1 prosent

I mars var det 114 000 arbeidslause, som svarte til 4,1 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mars 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar114 0009 000
I prosent av arbeidsstyrken4,10,3
 
Sysselsette personar2 639 000-19 000
I prosent av befolkninga68,0-0,6

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 0,3 prosentpoeng, eller 9 000 personer, frå desember 2014 (gjennomsnitt av november-januar) til mars 2015 (gjennomsnitt av februar-april). Auken er så vidt innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med ein stigande trend sidan mai 2014. Veksten har kome både blant kvinner og menn samt i begge aldersgruppene 15-24 og 25-74 år.

Nedgang i sysselsettinga

Ifølge AKU gjekk det sesongjusterte talet på sysselsette ned med 19 000 frå desember 2014 (gjennomsnitt av november-januar) til mars 2015 (gjennomsnitt av februar-april). Denne sterke nedgangen må sjåast på bakgrunn av at sysselsettingstalet for desember var svært høgt. Dette kan vere eit resultat av ei tilfeldig svinging, men det kan også delvis skuldast utslag av overgangsproblem ved skifte av registergrunnlag i estimeringa i AKU. Den nye a-ordninga erstatta Aa-registeret ved årsskiftet. Trenden tyder likevel på at det har vore ei utflating og kanskje ein viss nedgang i sysselsettinga.

I mars 2015 utgjorde dei sysselsette 68,0 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år, ned 0,6 prosentpoeng frå mars 2014.

Arbeidsløysa fortsatt ned i EU

Arbeidsløysa i EU sett under eitt har gått gradvis ned den siste tida. Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i EU 9,8 prosent av arbeidsstyrken i mars 2015. Dette er ein liten nedgang på 0,1 prosentpoeng frå desember 2014. Også i USA har arbeidsløysa gått ned den siste tida, men der frå eit lågare nivå enn i EU. I mars var arbeidsløysa i USA på 5,5 prosent, ned 0,1 prosentpoeng frå desember.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB