92240_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
92240
Auke i arbeidsløysa
statistikk
2013-02-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i arbeidsløysa

Talet på arbeidslause steig med 11 000 frå september til desember 2012. Dei 96 000 arbeidslause i desember utgjorde 3,6 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Desember 2012Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar96 00011 000
I prosent av arbeidsstyrken3,60,4
 
Sysselsette personar2 593 000-11 000
I prosent av befolkninga68,8-0,5

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 11 000 fleire arbeidslause personar i desember (gjennomsnitt av november-januar) enn i september (gjennomsnitt av august-oktober) 2012, justert for sesongvariasjonar.

Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 personar i løpet av same perioden. Denne nedgangen kom mellom anna blant dei ordinære tiltaksdeltakarene, medan det var ein auke blant dei registrerte arbeidslause utan krav på dagpengar. I AKU utgjer arbeidslause utan dagpengar ein større gruppe blant dei arbeidslause enn i tala frå NAV.

AKU viser auke i arbeidsløysa både for dei over og under 25 år – og dessutan både blant kvinner og menn. Dei 96 000 arbeidslause i desember svarte til 3,6 prosent av arbeidsstyrken , 0,4 prosentpoeng meir enn i september.

Ikkje lenger oppgang i sysselsettinga

Dei små endringane i sysselsettinga som AKU har vist sidan juni 2012, representerer eit brot med ein om lag to år lang auke i sysselsettinga før den tid. Frå september til desember 2012 viser AKU at sysselsettinga gjekk ned med 11 000 personar, justert for sesongvariasjonar. Dette er innanfor feilmarginen. I den same perioden auka befolkninga mellom 15 og 74 år med 14 000 personar. Sysselsettingsprosenten, som er sysselsette i prosent av befolkninga 15-74 år, gjekk dermed ned frå 69,3 prosent i september til 68,8 prosent i desember.

Uendra arbeidsstyrke

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå september til desember 2012 viser AKU at talet på sysselsette gjekk ned med 11 000, og at talet på arbeidslause gjekk opp med 11 000. Talet på personar i arbeidsstyrken var dermed uendra.

Høgare arbeidsløyse også i Danmark

I Danmark gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp frå 7,4 prosent i september til 8,0 prosent i desember. I Sverige var arbeidsløysa omtrent uendra på 8,0 prosent i same perioden. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, gjekk arbeidsløysa opp frå 10,8 prosent i september til 10,9 prosent i desember. Det er store skilnader mellom fleire av landa i EU15. I desember 2012 utgjorde dei arbeidslause 5,3 prosent av arbeidsstyrken i Tyskland, 10,6 prosent i Frankrike og 26,1 prosent i Spania. I USA var arbeidsløysa på 7,8 prosent i desember, uendra sidan september. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

Sysselsetting og arbeidsløyse berre blant busetteÅpne og lesLukk

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er derfor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsettinga ned i denne gruppa, slår dette derfor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

Statistisk sentralbyrå gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken .

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .