92238_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
92238
Auke i arbeidsløysa
statistikk
2013-01-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i arbeidsløysa

Talet på arbeidslause auka med 11 000 frå august til november 2012. Dei arbeidslause utgjorde 3,5 prosent av arbeidsstyrken i november.

Arbeidsløyse og sysselsetjing for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
November 2012Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomnsitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar94 00011 000
I prosent av arbeidsstyrken3,50,4
 
Sysselsette personar2 592 000-3 000
I prosent av befolkninga68,8-0,4

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det var 11 000 fleire arbeidslause personar i november (gjennomsnitt av oktober-desember) enn i august (gjennomsnitt av juli-september) 2012, justert for sesongvariasjonar. Auken kom både blant menn og kvinner. I tillegg kom auken både blant dei under 25 år og dei i alderen 25-74 år, men var sterkast i den sistnemnde gruppa.

 Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra i november samanlikna med august.

Dei 94 000 arbeidslause i november svarte til 3,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette var 0,4 prosentpoeng meir enn i august. I heile 2012 fram til og med oktober var den sesongjusterte arbeidsløysa på mellom 3,0 og 3,3 prosent.

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det var 3 000 færre sysselsette personar i november enn i august 2012, justert for sesongvariasjonar. Denne endringa er innanfor feilmarginen. I same perioden auka befolkninga mellom 15 og 74 år med 18 000 personar. Sysselsettingsprosenten, som er sysselsette i prosent av befolkninga 15-74 år, gjekk dermed ned i denne perioden. I november 2012 var sysselsettingsprosenten 68,8 prosent, 0,4 prosentpoeng lågare enn i august.

Auke i arbeidsløysa også i nabolanda

Både i Sverige og Danmark gjekk arbeidsløysa opp frå august til november 2012. I Sverige auka arbeidsløysa frå 7,9 til 8,1 prosent i løpet av denne perioden, medan han i Danmark gjekk opp frå 7,4 prosent i august til 7,9 prosent i november. I EU15, som består av EU-landa før utvidingane i 2004 og 2007, gjekk arbeidsløysa opp frå 10,7 prosent i august til 11,0 prosent i november. I Frankrike utgjorde dei arbeidslause 10,5 prosent av arbeidsstyrken i november, opp 0,2 prosentpoeng frå august. I Tyskland var arbeidsløysa på 5,4 prosent i november, ned 0,1 prosentpoeng frå august. Også i USA gjekk arbeidsløysa ned i løpet av denne perioden, frå 8,1 prosent i august til 7,8 prosent i november. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

ArbeidsstyrkenÅpne og lesLukk

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 15 og 74 år. Frå august til november 2012 viser AKU at talet på sysselsette gjekk ned med 3 000 og at talet på arbeidslause auka med 11 000. Talet på personar i arbeidsstyrken gjekk dermed opp med 8 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidsstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Sysselsetting og arbeidsløyse berre blant busetteÅpne og lesLukk

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er derfor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsettinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsettinga ned i denne gruppa, slår dette derfor ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR.

Statistisk sentralbyrå gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte talÅpne og lesLukk

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finn ein i Om statistikken .

For kvar nye månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette. Seint innkomne intervju for ein månad kjem først med når vi publiserer tal for den neste månaden. Dette gjeld dei to første månadene i kvart kvartal.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtalte i ei eiga publisering .