270103
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/konkurs/kvartal
270103
Fleire til skifteretten
statistikk
2016-10-21T08:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Bank og finansmarked
no
konkurs, Opna konkursar, næringsfordelte konkursar, omsetningsverdi, føretakskonkursar, personlege konkursar, tvangssalg, organisasjonsform, etableringsårKonkurser, Finansielle indikatorer , Bank og finansmarked, Virksomheter, foretak og regnskap
false
I 3. kvartal 2016 var det 998 konkurser. Dette er 14 prosent flere enn i samme periode i 2015.

Opna konkursar3. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire til skifteretten

Oppgangen i talet på konkursar held fram. I 3. kvartal 2016 blei det opna 998 konkursar, ein auke på 14 prosent frå den same perioden året før.

Opna konkursar
September 2016Endring i prosent3. kvartal 2016Endring i prosent
September 2015 - September 20163. kvartal 2015 - 3. kvartal 2016
Opna konkursar i alt4062,099813,5
Føretakskonkursar269-5,97139,4
Personlege konkursar, inklusive einskildpersonføretak13722,328525,6
 
Konkursar innanfor byggje- og anleggsverksemd1237,028313,7
Konkursar innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner70-10,31854,5
Figur 1. Opna konkursar, etter type konkurs og kvartal

I Troms, Østfold og Hordaland var den prosentvise auken størst. Der ble det registrert høvesvis 107, 74 og 63 prosent fleire konkursar. Hordaland er fylket med den største veksten i absolutte tal med i alt 60 fleire konkursar. I ni fylke gjekk talet på konkursar ned, mest i Sogn og Fjordane med 27 prosent.

Sju av ti konkursar, i alt 713, var føretakskonkursar. Føretakskonkursar omfattar ikkje einskildpersonføretak. Dei fleste var innanfor byggje- og anleggsverksemd og varehandel, med høvesvis 25 og 23 prosent.

Dei resterande 285 konkursane var einskildpersonføretak og personlege konkursar. 36 prosent av desse var innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Frå januar til september i 2016 har det blitt opna 3 513 konkursar. Dette er 5 prosent fleire enn i den same perioden i fjor.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB