340774
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
340774
statistikk
2018-09-04T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
true

Utanrikshandel med tenester

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

- 4,3

tjenestebalansen, milliarder kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
2. kvartal 2018Endring i prosent
1. kvartal 2018 - 2. kvartal 20182. kvartal 2017 - 2. kvartal 2018
Eksport57 15512,43,3
Import61 44713,16,1

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype
2. kvartal 20182. kvartal 2018Endring i prosentEndring i prosent
Millionar kronerAndel1. kvartal 2018 - 2. kvartal 20182. kvartal 2017 - 2. kvartal 2018
Eksport
Alle tenester57 155100,012,43,3
Leigearbeid og reparasjonar3 3305,83,1-17,0
Petroleumstenester4 7188,332,3-6,1
Byggje- og anleggstenester4640,86,2-12,8
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel7201,39,89,3
Sjøtransporttenester23 37840,99,86,4
Luft- og landtransporttjenester2 5774,51,3-2,5
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd3 0595,433,416,9
Post- og teletenester2 2183,927,0-8,0
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 2682,2-6,3-17,5
IT-tenester2 9805,21,114,7
Forsking og utvikling (FoU)7351,313,4-22,5
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester9 07415,912,89,7
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport2990,515,0171,8
Andre tenester2 3344,126,417,4
 
Import
Alle tenester61 447100,013,16,1
Leigearbeid og reparasjonar2 4964,130,4-13,4
Petroleumstenester7 94412,957,116,9
Byggje- og anleggstenester8201,310,42,4
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel1 2812,1-4,9-33,5
Sjøtransporttenester6 24310,24,117,8
Luft- og landtransporttjenester3 3695,512,517,3
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd9 89216,113,812,1
Post- og teletenester1 7552,97,8-15,8
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr5 1628,41,7-4,4
IT-tenester5 6329,24,127,3
Forsking og utvikling (FoU)7261,20,715,2
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester11 62618,99,8-3,4
 1 1711,960,616,5
Andre tenester3 3305,4-2,713,0

Tabell 2 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring
2. kvartal 2018Endring i prosent
Millionar kronerAndel1. kvartal 2018 - 2. kvartal 20182. kvartal 2017 - 2. kvartal 2018
Eksport
Alle næringar57 155100,012,43,3
Bergverksdrift og utvinning4 2577,425,210,3
Industri4 8288,46,3-31,2
Byggje- og anleggsverksemd2740,534,314,6
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 1772,19,5-6,7
Transport og lagring29 67251,910,27,8
Informasjon og kommunikasjon6 90812,114,511,7
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting8 01514,016,712,0
Forretningsmessig tenesteyting1 6342,99,04,5
Andre næringar3900,720,7-23,2
 
Import
Alle næringar61 447100,013,16,1
Bergverksdrift og utvinning14 11723,027,513,6
Industri4 6097,519,8-23,4
Byggje- og anleggsverksemd7591,215,018,6
Varehandel, reparasjon av motorvogner5 0548,2-7,56,3
Transport og lagring18 52030,15,77,3
Informasjon og kommunikasjon8 67414,120,713,7
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting5 2898,69,6-1,1
Forretningsmessig tenesteyting3 2875,39,18,6
Andre næringar1 1381,957,039,3

Tabell 3 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. Siste fem kvartal. Millioner kroner
2. kvartal 20173. kvartal 20174. kvartal 20171. kvartal 20182. kvartal 2018
Tenestebalanse-2 611,0-6 004,0-4 313,0-3 455,0-4 292,0
 
Eksport
Alle tenester55 30952 10059 14650 86757 155
Leigearbeid og reparasjonar4 0113 7024 3073 2293 330
Petroleumstenester5 0224 1184 6703 5664 718
Byggje- og anleggstenester532474399437464
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel659549819656720
Sjøtransporttenester21 96820 78321 67621 29523 378
Luft- og landtransporttjenester2 6422 6862 8452 5432 577
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd2 6172 8392 5472 2933 059
Post- og teletenester2 4102 1051 8531 7462 218
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr1 5371 3011 6861 3531 268
IT-tenester2 5972 6573 3172 9492 980
Forsking og utvikling (FoU)9488521 148648735
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester8 2687 74710 7878 0459 074
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport110200160260299
Andre tenester1 9882 0862 9311 8472 334
 
Import
Alle tenester57 92058 10463 45954 32261 447
Leigearbeid og reparasjonar2 8812 4422 8161 9142 496
Petroleumstenester6 7976 8067 7075 0587 944
Byggje- og anleggstenester801776705743820
Agenturhandel, provisjon og mellomhandel1 9271 3001 2901 3471 281
Sjøtransporttenester5 2985 3946 7475 9976 243
Luft- og landtransporttjenester2 8723 4013 3762 9953 369
Tenester tilknytt transport og reiseverksemd8 8249 7739 7548 6899 892
Post- og teletenester2 0841 6991 6321 6281 755
Leige av transportmiddel, maskiner og utstyr5 3985 4045 7055 0785 162
IT-tenester4 4234 6905 6015 4095 632
Forsking og utvikling (FoU)630660938721726
Forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester12 03411 74413 01210 59111 626
Fritidsaktivitetar, kulturelle tenester og sport1 0059231 2457291 171
Andre tenester2 9463 0932 9323 4213 330

Tabell 4 
Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter næring. Siste fem kvartal. Millioner kroner
2. kvartal 20173. kvartal 20174. kvartal 20171. kvartal 20182. kvartal 2018
Tenestebalanse-2 611,0-6 004,0-4 313,0-3 455,0-4 292,0
 
Eksport
Alle næringar55 30952 10059 14650 86757 155
Bergverksdrift og utvinning3 8603 4353 6593 3994 257
Industri7 0155 7637 1554 5434 828
Byggje- og anleggsverksemd239183168204274
Varehandel, reparasjon av motorvogner1 2621 0361 8971 0751 177
Transport og lagring27 52326 42827 88526 92129 672
Informasjon og kommunikasjon6 1835 8336 9676 0356 908
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting7 1567 1229 2646 8688 015
Forretningsmessig tenesteyting1 5631 8711 7681 4991 634
Andre næringar508431384323390
 
Import
Alle næringar57 92058 10463 45954 32261 447
Bergverksdrift og utvinning12 42612 33013 66411 07414 117
Industri6 0195 0686 0513 8464 609
Byggje- og anleggsverksemd640710685660759
Varehandel, reparasjon av motorvogner4 7534 9995 0535 4645 054
Transport og lagring17 26117 49319 29517 52618 520
Informasjon og kommunikasjon7 6297 1038 1987 1898 674
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting5 3495 4336 1724 8255 289
Forretningsmessig tenesteyting3 0274 1453 4673 0133 287
Andre næringar8178228737251 138

Tabell 5 
Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent

Endring frå førre publisering etter import/eksport, næring (SN2007) og tid. Prosent
1. kvartal 20172. kvartal 20173. kvartal 20174. kvartal 20171. kvartal 2018
Import
Alle næringar-0,20,30,1-2,5-0,5
Bergverksdrift og utvinning0,00,00,00,0-4,9
Industri0,00,0-0,10,0-0,3
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,60,60,2
Varehandel, reparasjon av motorvogner9,45,00,64,7-2,2
Transport og lagring0,00,00,0-9,03,6
Informasjon og kommunikasjon-7,5-0,4-0,50,0-3,9
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting0,00,00,00,01,4
Forretningsmessig tenesteyting0,0-0,10,90,5-1,0
Andre næringar0,00,00,00,09,2
 
Eksport
Alle næringar0,50,2-0,10,9-1,3
Bergverksdrift og utvinning0,00,00,00,0-14,5
Industri0,00,00,00,04,4
Byggje- og anleggsverksemd0,00,00,00,00,0
Varehandel, reparasjon av motorvogner-0,8-0,5-1,322,73,9
Transport og lagring0,00,00,00,00,0
Informasjon og kommunikasjon1,00,2-0,10,2-6,4
Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting2,62,30,62,10,9
Forretningsmessig tenesteyting0,0-4,4-3,7-3,00,0
Andre næringar0,00,00,00,00,0

Om statistikken

Statistikken Utenrikshandel med tenester viser norske ikkje-finansielle føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet. Tala vert innhenta som ein kvartalsvis utvalgsundersøkelse. 

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Import:
Føretaka sine utgifter til kjøp av tenester frå utanlandske leverandørar i samband med import av dei ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.

Eksport:
Føretaka sine inntekter frå sal av tenester til utanlandske kundar i samband med eksport av de ulike tenestene. Tenestene kan anten verte levert i Noreg eller utlandet.


Konserninterne tenester:
Tenestehandel med utanlandske einingar innan same konsern skal førast som eigne postar, og rapporterast som "herav eksport av konserninterne tenester" og "herav import av konserninterne tenester" under kvar einskild tenestetype. Med konsern vert det i denne samanhengen meint einingar som står i relasjon til kvarandre, som til dømes morselskap, dotterselskap, søsterselskap, dotterdotterselskap etc.

  • Morselskap er eit selskap som, direkte eller indirekte, har kontroll over dei andre einingane innan konsernet.
  • Dotterselskap er eit selskap der morselskapet har direkte kontroll.
  • Dotterdotterselskap er eit selskap der eit dotterselskap har direkte kontroll, medan morselskapet har indirekte kontroll.
    Med kontroll vert det her meint meir enn 50 prosent eigardel i eit anna selskap.

Land:
Import: Registreringslandet til den utanlandske leverandøren.
Eksport: Registreringslandet til den utanlandske kunden.

Beløp i NOK 1000:
Alle tall skal rapporterast i heile 1000 NOK.

Standard klassifikasjonar

Næring:
Til og med publiseringa for året 2009 vart statistikken publisert etter Standard for næringsgruppering 2002 (SN2002) som standard klassifikasjon for bedrifter og føretak innan ulike næringar. Denne standarden var ei norsk tilpassing av Eurostat sin NACE Rev 1.1. Frå og med statistikken for året 2010 vart Standard for næringsgruppering 2007 (SN2007) teken i bruk. SN2007 samsvarar med EU sin standard, NACE Rev. 2, og utgjer grunnlaget for klassifisering av einingar etter viktigaste aktivitet i Bedrifts- og føretaksregisteret. Bruk av felles standardar er viktig innanfor økonomisk statistikk då dette gjer det mogleg å samanlikne og analysere statistiske data på tvers av landegrenser og over tid.

Tenestetype:
Fylgjer EU sin produksjonsstandard Classification of Products by Activity (CPA).

Land:
Fylgjer den internasjonale standarden ISO-3166 (alfa-2).

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Utanrikshandel med tenester
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utenrikshandelstatistikk

Regionalt nivå

Statistikken syner ikkje-finansielle føretak sin tenestehandel med utlandet.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken vert samla inn kvart kvartal, og syner ikkje-finansielle føretak sine inntekter og utgifter i samband med eksport og import av tenester til/ frå utlandet. Frå 2006 til og med 2010 vart statistikken publisert årleg, og frå 1 kvartal 2011 vart statistikken publisert kvartalsvis.

Internasjonal rapportering

Statistikken inngår som ein del av grunnlaget for utanriksrekneskapen og nasjonalrekneskapen, og er med i grunnlaget for rapporteringa til internasjonale organisasjonar som IMF, OECD og Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Rådata og behandla data vert langtidslagra hos Statistisk sentralbyrå.

Bakgrunn

Føremål og historie

Statistikken vart etablert i 2005 då Noregs Bank la ned valutastatistikken som tidlegare var ein del av grunnlaget for utarbeidinga av utanriksrekneskapen.

Føremålet med statistikken over utanrikshandel med tenester er å gje ei oversikt over tenestestraumen mellom Noreg og utlandet. Norske føretak sine inntekter ved eksport av tenester til utlandet, og utgifter ved import av tenester frå utlandet, er sentrale storleikar i det samfunnsøkonomiske biletet, både for å forklare strukturelle endringar, og for å overvake konjunkturane.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er ein viktig del av grunnlaget for prognose- og analysearbeid utført av organisasjonar, offentlege myndigheiter, forskingsinstitusjonar og andre. Internasjonale organisasjonar, som FN sitt statistiske kontor, EU sitt statistiske kontor (Eurostat) og andre, gjer bruk av opplysningane som statistikken gjev. Den er bygd opp som ein del av eit nasjonalt og internasjonalt statistikksystem og nyttast og ved utarbeiding av nasjonalrekneskap og utanriksrekneskap. I tillegg kan statistikken til ein viss grad brukast av næringslivet som grunnlag for data til planlegging av produksjon, marknadsføring og sal.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no  etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre likebehandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak er ei viktig kjelde for eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen og utanriksrekneskapen. Til og med år 2004 vart tal frå Noregs bank sin valutastatistikk nytta i utanriksrekneskapen. Frå og med år 2005 var det ein overgong til å nytte data innhenta gjennom kvartalsvis rapportering av utanrikshandel med tenester.

Eksport og import av tenester i nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) er meir omfattande enn berre tenestehandelen i ikkje-finansielle føretak. Nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen) dekkjer tenestehandel som alle innanlandske sektorar har med utlandet. Dette gjeld i tillegg til ikkje-finansielle føretak også finansielle føretak, hushald, ideelle organisasjonar og offentleg forvaltning. I tillegg til denne skilnaden i omfang er det einskilde definisjonsmessige skilnadar. Dei viktigaste er at nasjonalrekneskapen (og utanriksrekneskapen)

  • inkluderar verdien av godsfrakter i samband med import av varer i vareverdien (CIF-verdi), og ikkje via tenesteundersøkinga,
  • inkluderar verdien av norske rederi sine frakter i samband eksport av varer fra Noreg uavhengig av kven som betalar for oppdraget, medan utenrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak inkluderar berre slike frakter dersom ein utlending betalar for frakta
  • bereknar import og eksport av forsikringstenester som ein del av premiebetalingane
  • inkluderar konvensjonelle berekningar av import og eksport av indirekte målte banktenester (rentemarginar)
  • omdefinerar einskilde vareprodukt til tenester dersom vareverdien er dominert av eit tenestepåslag
  • inkluderar konvensjonelt berekna eksport- og importstraumar i tråd med Noreg sin eigardel i det fellesnordiske flyselskapet SAS.

Ein annan skilnad er at fraktinntekter i utanriks sjøfart i utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle foretak vert fordelt på land med utgangspunkt i betalingsstraumar, medan det i utanriksrekneskapen er nytta informasjon om skipa sine bevegelsar (anløpsstatistikk).

Alle desse forholda inneber at tala i statistikken over utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak ikkje er direkte samanliknbare med tala for eksport og import av tenester i utanriks- og nasjonalrekneskapen sine tabellar.

Lovheimel

Statistikklova §§ 2-1 og 2-2 og 2-3 (tvangsmulkt).

EØS-referanse

Europaparlaments- og rådsforordning nr. 184/2005 - endret ved forordning nr. 602/2006 og 707/2009 med forpliktingar etter EU-forordningar for datafangst og oversending av data til EU sitt statistiske kontor, Eurostat.

Produksjon

Omfang

Statistikken omfattar tenestehandel med utlandet, og vert samla inn på kvartalsvis og t.o.m år 2008 også på årleg basis ved undersøkingar retta mot norske føretak innan ikkje-finansiell sektor.

Føretak er juridiske personar som produserar varer og tenester for sal i eit marked. Populasjonen som dannar grunnlag for utvalet byggjer på opplysningar frå Bedrifts- og føretaksregisteret, og vert oppdatert ved bruk av ulike administrative register, bl.a. Skatteetaten sitt Valutaregister, samt informasjon som vert samla gjennom kontakt med større oppgåvegjevarar og opplysningar i media.

Datakjelder og utval

Grunnlaget for statistikken er rapporterte opplysningar frå ikkje-finansielle føretak som er med i den kvartalsvise undersøkinga.

Populasjon
Populasjonen til undersøkelsen om utanrikshandel med tenester for ikkje–finansielle føretak tek utgangspunkt i alle føretak. Sidan mange føretak ikkje har tenestehandel med utlandet, er det gjort ei begrensning av populasjonen slik at føretak med svært liten eller ingen tenestehandel med utlandet vert fjerna.

Føretaka ein då står tilbake med skal tilfredsstille eitt av følgjande fem kriteriar for å kunne inkluderast i denne svært begrensa populasjonen:

  • Total utgåande- eller inngåande transaksjonar over NOK 500 000, eller utgåande transaksjonar for tenesteimport over NOK 50 000 i Valutaregisteret
  • Føretaket er eit FATS-føretak
  • Føretaket har vore med i utvalet i minst 4 år og har hatt tenestehandel
  • Føretak innan bergverksdrift og utvinning som har felles momsnummer med føretak som tilfredsstiller det første kriteriet
  • Føretaket høyrer til næringa utanriks sjøfart og har omsetning over NOK 5 000 000

Når vi fjernar alle føretak som ikkje tilfredsstiller minst eitt av dei fem kriteria står ein tilbake med rundt 33 000 føretak.

Populasjonen omfatter følgande sektorar i institusjonell sektorgruppering:

  • 1110 - Statens forretningsdrift
  • 1120 - Statleg eide føretak
  • 1510 - Kommunal forretningsdrift
  • 1520 - Sjøvstendige kommuneføretak
  • 2100 - Private føretak med begrensa ansvar
  • 2300 - Personlege føretak
  • 2500 - Private produsentorienterte organisasjonar utan profittføremål
  • 8200 - Personlege næringsdrivande
  • 4900 - Øvrige finansielle føretak utanom forsikring - kun enkelte undegrupper

Stratifiseringa er gjort utifrå eit ønskje om å dele opp populasjonen i mest mogleg homogene grupper. Dvs. gruppering slik at tenestehandelen er mest mogleg lik innad i gruppa, og slik at det er ulikheit i tenestehandelen mellom gruppene.  Dei ulike strata er definert ved hjelp av næring, kor viktig næring er for tenestehandel, tal frå valutaregisteret og inndeling etter "FATS/ikkje-FATS"-føretak.

Frå populasjonen er det trekt eit utval føretak stratifisert enkelt tilfeldig. For å fordele utvalget mellom strata er det nytta optimal allokering.

Utvalet fordelar seg på fullteljingsføretak, og føretaka som vert trekt tilfeldig.  Dei føretaka som er fulltelt høyrer til ei gruppe der ein reknar som svært sikkert at dei har tenestehandel med utlandet.

Delen av utvalet som er tilfeldig trekt blei i 2016 redusert med vel 20 prosent for å imøtekome kravet om redusert rapporteringsbyrde for mellomstore og mindre føretak. Dette inneber at det totale utvalet no er på vel 2 700, herav 700 fullteljing.

 

Datainnsamling, editering og beregninger

Data vert henta inn ved elektroniske innrapportering og filuttrekk via Altinn (tidlegare via SSB sin rapporteringskanal IDUN) . Oppgåvegjevarane mottek førespurnad om rapportering ved utgongen av teljingstidspunktet (kvart kvartal), og har ein frist på 25 dagar til å rapportere. Føretaka skal rapportere alle verdiar i heile 1 000 NOK.

Innsamla data vert kontrollert i samband med mottaket, vidare gjennomgår innsamla data kontrollar mellom tal for ulike periodar, mot rekneskapsopplysningar og andre kjelder, og ved einskilde typar feil vert oppgåvegjevar kontakta.

Tenestehandelen vert estimert ved å bruke ein stratifisert ekspansjonsestimator. Denne estimatoren er laga på følgjande måte:

  1. Innan kvart stratum bereknar ein gjennomsnittlig rapportert eksport/import (dvs. basert på utvalget)
  2. På bakgrunn av at utvalet er trekt stratifisert enkelt tilfeldig, vil desse gjennomsnitta kunne være gode anslag på dei faktiske gjennomsnitta i dei ulike strata. Eventuelle ekstremobservasjonar vert heldne utanfor berekninga av gjennomsnitta
  3. Innan kvart stratum multipliserar vi dei bereka gjennomsnitta med antal føretak i stratumet (i den begrensa populasjonen). Dette vert eit estimat på total eksport/import i stratumet.

Sesongjustering

Ikkje relevant.

Konfidensialitet

Tal vert ikkje offentleggjort dersom dette medfører fare for identifisering, det vil seie at talet kan førast tilbake til oppgåvegjevar. I praksis tyder dette at det må vere minst 3 oppgåvegjevarar bak eit publisert tal. I tillegg skal ikkje eit føretak stå bak over 90 %, og dei to største føretaka skal ikkje ha over 95 % av tenenestehandelen, i ein publisert størrelse.

Samanlikningar over tid og stad

Det er i forbindelse med 1.kvartal 2017 gjort ei endring i samanstillinga av tenestetypar. Tenestegrupperinga jarnbane- og landtransporttenester er slegen saman med lufttransporttenester til ei ny gruppering: luft- og landtransporttenester. Dette gjeld tabell 2 og 4, som gjev utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak, etter tenestetype. I statistikkbanktabellen 10192 er endringane lagde inn attende til 1. kvartal 2015. Dette gjer at tala ikkje er direkte jamførande med tidlegare utgjevingar.

Statistikken har og gjennomgått ei metodeomlegging, og tal for næringa utanriks sjøfart vart teke ut av publiseringa for 2010 og fram til og med publiseringa for 1 kv 2013. Tal for 2 kv 2013 er difor ikkje samanliknbare med tidlegare publiseringar. Denne metodeomlegginga inneber og eit skifte i bruk av kilder Sjå elles nasjonalrekneskapet sine websider om utanriksrekneskapet http://www.ssb.no/utenriksokonomi/statistikker/ur .

Sjå meir i punktet Samanheng med annan statistikk, foran.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Opplysningane som skal innrapporterast omfattar delar av den einskilde rapportør sine postar i rekneskapet, det vil seie dei delane av postane som omfattar tenestehandel med utlandet. Tolkinga av kva som er kjøp og sal mellom norsk føretak og utlandet kan variere noko mellom dei ulike oppgåvegjevarane, og kan dermed føre til manglar i statistikken. Det kan førekome feil eller manglar i sjølve innrapporteringa. Dei vanlegaste feila er mellom anna at rapportørane si føring av dei einskilde postane kan avvike frå Statistisk sentralbyrå sin spesifikasjon, dels at skilje mellom norsk og utanlandsk eining kan vere uklårt.

Fleire av føretaka som rapporterar driv prosjektrelatert verksemd, noko som kan føre til at statistikken vert påverka når store prosjekt vert avslutta, eller vert oppretta.

Kvaliteten på statistikken vert påverka negativt av manglande innrapporteringar (fråfall). For å redusere omfanget av fråfallsfeil, vert det utført maskinell berekning av data for einingar som ikkje har rapportert innan fristen for å vere med i statistikkgrunnlaget. Det same vert gjort i tilfelle det er mangelfullt utfylte oppgåver frå rapportørane (partielt fråfall).

Utvalsfeilen målar det forventa avviket mellom utvalet sitt resultat, og kva ein ville fått dersom heile populasjonen vart undersøkt. For å sikre høg grad av relevans til lågast mogleg kostnad, vert det lagt stor vekt på å dekkje føretak som har stor handel med utlandet, enten eksport eller import. Hittil er det ikkje utført berekningar av utvalsfeilen for undersøkinga.

Ein føresetnad for trekking av utval er at populasjonen omfattar alle føretaka som har kjøp og sal av tenester med utlandet. Det finst inga slik samla oversikt over føretak som har slik handel, og i praksis er det difor vanskeleg å fange opp alle relevante einingar.

 

Revisjon

Utanrikshandel med tenester publiserar foreløpige tal kvartalsvis. Kontrollarbeidet pågår imidlertid vidare fem kvartal fram i tid, då endelege tal vert publisert. Korreksjonar i data gjer at kvartalstala kan endras fram til publisering av dei endelege tala. Forskjellen mellom foreløpege tal ved frigjeving av kvartalsstatistikken og endelege tal er normalt små på totalnivå. På detaljert nivå og for enkeltkvartal kan revisjonane ha større innverknad, relativt sett. Sjå detaljar i tabell 5 i publiseringa.

                                   R    E  V  I  S  J  O N  S K  A  L   E  N  D  E  R  -  U H T

 

Inneverande år
  (T)

I fjor
  (T-1)

I forfjor
  (T-2)

Publiseringer

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv

2.kv

3.kv

4.kv

1.kv  (juni år T)  

 

 

 

 

R4

R3

R2

R1

 

 

 

ER5

2.kv  (sept år T)

R1

 

 

 

ER5

R4

R3

R2

 

 

 

 

3.kv  (des år T)  

R2

R1

 

 

 

ER5

R4

R3

 

 

 

 

4.kv  (mar år T+1)

R3

R2

R1

 

 

 

ER5

R4

 

 

 

 

 R1 - R5 = Revisjonsnummer (R1 = første revisjon, ER5 = Endelige tall, Revisjon nr 5).

 

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB