245683
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
245683
Ny rekordsommar for hotella
statistikk
2016-10-07T08:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I august 2016 var det 2,8 millioner overnattinger ved norske hoteller.

Overnattingaraugust 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ny rekordsommar for hotella

I sommarmånadane juni, juli og august 2016 var det 8,4 millionar hotellovernattingar i Noreg. Det er 7 prosent fleire enn i sommarmånadene i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
August 2016Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarAugust 2016
Overnattingar i alt4 645 2072 857 4761 787 73125 194 656
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter2 773 9321 686 7281 087 20416 143 752
Campingplassar1 435 100970 211464 8896 617 141
Hyttegrender378 491178 017200 4742 152 437
Vandrarheimar57 68422 52035 164281 326
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Talet på utanlandske overnattingar steig med 13 prosent til 3,2 millionar. Tyskarar stod aleine for 14 prosent av utanlandske sommarovernattingane. Deretter følgde svenskar, amerikanarar, kinesarar og britar. Nordmenn svikta heller ikkje hotella, og talet på norske overnattingar steig med 4 prosent til 5,1 millionar.

1,1 millionar utanlandske overnattingar i august

I august 2016 var det 1,1 millionar utanlandske overnattingar ved norske hotell. Dette er 14 prosent fleire enn i same månaden i 2015. Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 6 prosent til 1,7 millionar. I august var det 2,8 millionar hotellovernattingar, som er ein auke på 9 prosent frå august i fjor.

I august i år var 63 prosent av hotellovernattingane knytte til ferie og fritid. Talet på ferieovernattingar, kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar gjekk opp høvesvis 8, 16 og 9 prosent frå august i fjor. 

Samanlikna med august 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 13 prosent frå 1 385 millionar til 1 569 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 914 kroner, noko som er ein oppgang på 5 prosent frå august i fjor. 

Fleire overnattar på campingplassar

  • 1,44 millionar campingovernattingar i august 2016
  • 10 prosent oppgang sidan august 2015
  • Norske overnattingar gjekk opp 5 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 20 prosent

Fleire overnattingar på hyttegrendene

  • 378 000 hytteovernattingar
  • 11 prosent fleire enn i august 2015
  • Norske overnattingar gjekk opp 4 prosent
  • Utanlandske overnattingar gjekk opp 18 prosent

Fleire overnattingar på Svalbard

  • 15 000 overnattingar på Svalbard
  • 2 prosent fleire enn i august 2015
  • 60 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB