151729
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151729
Over 20 millionar overnattingar på hotella
statistikk
2015-02-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard, Transport og reiseliv
false
Statistikken gir blant annet overnattingstall for hotell, camping, hyttegrender og vandrerhjem. I desember 2014 var det 1,1 millioner overnattinear ved norske hotell.

Overnattingardesember 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Over 20 millionar overnattingar på hotella

I 2014 var det 20,4 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 3 prosent fleire enn i 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Desember 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarDesember 2014
Overnattingar i alt1 367 3081 028 360338 94830 317 124
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 105 756845 948259 80820 435 106
Campingplassar124 220110 06214 1587 121 912
Hyttegrender126 94365 17361 7702 392 310
Norske Vandrerhjem10 3897 1773 212367 796
Figur 1. Hotell og likande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet

Samanlikna med 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 2,7 prosent, frå 12,2 milliardar til 12,5 milliardar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var derimot uendra.

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 7,1 prosent mellom 2013 og 2014. I den same perioden auka talet på norske overnattingar med 2,0 prosent. Av dei utanlandske overnattingsgjestane var svenskar i fleirtal: Svenskane stod for over 726 000 overnattingar. Deretter kom tyskarar med 606 000 overnattingar. Alle dei store utanlandske marknadene hadde ein vekst i overnattingstalet med unntak av danskar og nederlendarar. Talet på overnattingar som desse to nasjonane stod bak, fall med høvesvis 9 og 3 prosent.

Overnatting i samband med ferie- og fritid dominerte med 48 prosent av overnattingane i 2014. Dette inneber ein oppgang på 4,5 prosent frå 2013. Talet på yrkesovernattingar steig med 3 prosent, medan kurs- og konferanseovernattingar var om lag uendra.

Flest norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 7,1 millionar i 2014. Det var 5,7 millionar norske og 1,4 millionar utanlandske overnattingar på campingplassane.

Svak nedgang for hyttegrender

Det vart registrert 2,4 millionar overnattingar på hyttegrendene i 2014. Av desse var 53 prosent norske og 47 prosent utanlandske overnattingar.

Fleire overnattingar på Svalbard

I 2014 var det 115 000 hotellovernattingar på Svalbard. Det er ein auke på 21 prosent i forhold til 2013.

Oppgang for hotella i desember

I desember 2014 var det i overkant av 1,1 millionar overnattingar på hotella, som svarar til ein oppgang på 9 prosent frå desember året før. Både norske og utanlandske overnattingar viste ein auke på høvesvis 7 og 19 prosent.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB