151709_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
151709
Fleire hotellovernattingar i februar
statistikk
2014-04-04T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false
Overnattingsstatistikken for februar 2014 viser at det er ein oppgang for overnattingar i hotell, samanlikna med februar 2013.

Overnattingarfebruar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire hotellovernattingar i februar

I februar 2014 var det 1,45 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 1 prosent fleire enn i februar 2013.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Februar 2014Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarFebruar 2014
Overnattingar i alt1 853 0391 357 271495 7683 403 525
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 447 1081 100 579346 5292 702 379
Campingplassar172 668153 59619 072283 484
Hyttegrender215 63193 527122 104384 845
Norske Vandrerhjem17 6329 5698 06332 817
Figuren viser talet på overnattingar i hotell og liknande overnattingsbedrifter i februar, fordelt på norske og utanlandske gjester. Talet på utanlandske overnattingar utgjer  24 prosent av overnattingar i alt. Totalt er det ein oppgang på  1 prosent frå februar 2013 til februar 2014

Samanlikna med februar 2013 gjekk losjiomsetninga på hotella opp med 0,4 prosent, frå 885 millionar kroner til 889 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk derimot ned frå 895 kroner til 890 kroner.

Fleire utanlandske hotellovernattingar

Mengda utanlandske hotellovernattingar gjekk opp med 18 700, eller 6 prosent, mellom februar 2013 og februar 2014. Men talet på norske overnattingar fall i same perioden med 7 000 overnattingar.

Overnatting i samband med ferie og fritid og yrke dominerer med høvesvis 45 og 41 prosent av overnattingane i februar 2014. Dette er ein auke på respektive 0,4 og 4 prosent i forhold til februar 2013. Delen kurs- og konferanseovernattingar gjekk i same perioden ned med 8 prosent.

Færre campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 173 000 i februar 2014, som er ein nedgang på 5 prosent frå februar 2013. Både norske og utanlandske overnattingar gjekk tilbake: høvesvis 4 og 14 prosent.

54 000 færre overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 216 000 overnattingar på hyttegrendene i februar 2014. Dette inneber ein nedgang på 20 prosent frå den same perioden i fjor. Det var 14 000 færre norske, og 40 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i februar 2014 enn i same månaden i 2013 .

Fleire overnattingar på Svalbard

I februar 2014 var det 7 200 hotellovernattingar på Svalbard, som utgjer ein auke på 28 prosent i forhold til februar 2013.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.