92715_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
92715
Færre hotellovernattingar i mars
statistikk
2013-05-06T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarmars 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Enkelte tall for hyttegrender og campingplasser er blitt noe justert for perioden februar-juni. Oppdaterte tall er i Statistikkbanken.

Færre hotellovernattingar i mars

I mars i år var det 1,53 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 5 prosent færre enn i mars i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Mars 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorgeUtlandetMars 2013
Overnattingar i alt2 096 7831 662 941433 8425 576 366
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 534 2961 221 433312 8634 219 246
Campingplassar307 336289 39517 941622 342
Hyttegrender233 204137 32795 877682 346
Norske Vandrerhjem21 94714 7867 16152 432

Samanlikna med mars 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 7,4 prosent, frå 1 034 millionar kroner til 947 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk samstundes ned frå 904 kroner til 897 kroner.

Færre utanlandske hotellovernattingar

Fleire av dei store utanlandske marknadene viste ein nedgang, og samla fall talet på dei utanlandske hotellovernattingane med 39 000, eller 11 prosent, mellom mars 2012 og mars 2013. Det var 38 000, eller 3 prosent, færre norske overnattingar enn i mars i fjor.

Det er overnatting i samband med ferie og fritid som dominerer. Ferie- og fritid stod for 46 prosent av overnattingane i mars. Yrkesovernattingar utgjorde 37 prosent, og overnattingar i samband med kurs og konferanse stod for 16 prosent den same månaden. Talet på ferie- og fritidsovernattingar gjekk opp med 7 prosent, medan kurs- og konferanseovernattingar og yrkesovernattingar begge gjekk ned med 13 prosent.

307 000 campingovernattingar

Talet på campingovernattingar vart registrert til 307 000 i mars i år. Det var 289 000 norske overnattingar og 18 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.

Flest norske overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 233 000 overnattingar på hyttegrendene i mars 2013. Av dei var 59 prosent norske og 41 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar vart dominerte av danskar som stod for 37 prosent.

12 100 overnattingar på Svalbard

Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I mars i år var det 12 100 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 3 900 frå mars 2012. Ver merksam på at påsken i år var i mars. I 2012 var påsken i fyrste del av april.

Omlegging gjev brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Svalbard-statistikken inngår i landstalet, men utgjer mindre enn 1 prosent av totalen.

Overnattingsstatistikken til SSB har gjennomgått ei stor omlegging. Dette gjer at tala for hyttegrender og campingplassar frå og med mars 2013 ikkje lenger er samanliknbare med tidlegare år. Omlegginga består av fleire ting: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Tidlegare vart det nytta faste omrekningsfaktorar mellom gjestedøgn og einingsdøgn. No vert gjestedøgn innhenta direkte, eller dei vert rekna ut med basis i innrapporterte gjestedøgn frå andre overnattingsbedrifter. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er mogleg. Ein bør vise varsemd ved samanlikning av tala på mindre, regionale nivå.