92713_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/maaned
92713
Færre hotellovernattingar i februar
statistikk
2013-04-05T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarfebruar 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Enkelte tall for hyttegrender og campingplasser er blitt noe justert for perioden februar-juni. Oppdaterte tall er i Statistikkbanken.

Færre hotellovernattingar i februar

I februar i år var det 1,44 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 3 prosent færre enn i februar i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Februar 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorgeUtlandetFebruar 2013
Overnattingar i alt1 906 1741 387 032519 1423 479 583
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter1 436 3211 107 682328 6392 684 950
Campingplassar182 389160 26922 120315 006
Hyttegrender269 476107 536161 940449 142
Norske Vandrerhjem17 98811 5456 44330 485
Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sin nasjonalitet. Februar 2012 og 2013

Samanlikna med februar 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 0,2 prosent, frå 905 millionar kroner til 885 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 895 kroner, om lag det same som i februar i fjor.

Færre utanlandske hotellovernattingar

Fleire av dei store utanlandske marknadane gjekk ned, og samla fall talet på dei utanlandske hotellovernattingane med 28 000, eller 8 prosent mellom februar 2012 og februar 2013. Det var 17 000, eller 1,5 prosent, færre norske overnattingar enn i februar i fjor.

Det er overnatting i samband med ferie og fritid som dominerer. Ferie og fritid stod for 45 prosent av overnattingane i februar. Yrkesovernattingar utgjorde 40 prosent, og overnattingar i samband med kurs og konferanse stod for 15 prosent den same månaden. Talet på ferie- og fritidsovernattingar og yrkesovernattingar gjekk ned med høvesvis 3 og 4 prosent. Kurs- og konferanseovernattingar gjekk ned med 1 prosent.

182 000 campingovernattingar

Talet på campingovernattingar vart registrert til 182 000 i februar i år. Det var 160 000 norske overnattingar og 22 000 utanlandske på campingplassane.

Flest utanlandske overnattingar i hyttegrender

Det vart registrert 269 000 overnattingar i hyttegrendene i februar 2013. Medan nordmenn stod for nær 90 prosent av overnattingane på campingplassane, er hyttegrendene dominerte av utlendingar med danskar i spissen. 60 prosent av overnattingane var utanlandske, og 67 prosent av desse igjen stod danskane for.

Brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken til SSB har gjennomgått ei stor omlegging. Dette gjer at tala for hyttegrender og campingplassar frå og med januar 2013 ikkje lenger er samanliknbare med tidlegare år. Omlegginga består av fleire ting. Bedrifts- og foretaksregisteret er saman med eigne undersøkingar i 2012 nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Tidlegare vart det nytta faste omrekningsfaktorar mellom gjestedøgn og einingsdøgn. No vert gjestedøgn innhenta direkte, eller dei vert rekna ut med basis i innrapporterte gjestedøgn frå andre overnattingsbedrifter. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er mogleg. Ein bør vise varsemd ved samanlikning av tala på mindre, regionale nivå.