92723_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
92723
Færre hotellovernattingar i juli
statistikk
2013-09-09T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarjuli 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre hotellovernattingar i juli

I juli i år var det 2,41 millionar overnattingar ved norske hotell. Det er 4 prosent færre enn i juli i fjor.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og måned
Juli 2013Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorgeUtlandetJuli 2013
Overnattingar i alt5 101 9983 529 7341 572 26418 462 580
 
Hotell og andre overnattingsbedrifter2 412 8161 549 732863 08411 751 838
Campingplassar2 195 5651 706 791488 7744 843 751
Hyttegrender429 601248 893180 7081 659 596
Norske Vandrerhjem64 01624 31839 698207 395
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestene sin nasjonalitet. Juli 2012 og 2013

Samanlikna med juli 2012 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 2 prosent, frå 1 076 millionar kroner til 1 053 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom gjekk ned frå 782 kroner til 774 kroner.

Færre utanlandske hotellovernattingar

Utanlandske hotellovernattingar gjekk ned med 19 000, eller 2,1 prosent, mellom juli 2012 og juli 2013. Norske overnattingar gjekk i same periode ned med 81 000 overnattingar, ein nedgang på 5 prosent.

Overnatting i samband med ferie- og fritidsovernattingar dominerer med 72 prosent av overnattingane i juli 2013. Samstundes gjekk talet på ferie- og fritidsovernattingar ned med 6 prosent.

Flest norske campingovernattingar

Talet på campingovernattingar utgjorde 2,2 millionar i juli i år. Det var 1,7 millionar norske overnattingar og 489 000 utanlandske overnattingar på campingplassane.

428 000 overnattingar på hyttegrender

Det vart registrert 428 000 overnattingar på hyttegrendene i juli 2013. Av dei var 58 prosent norske og 42 prosent utanlandske overnattingar. Utanlandske hyttegrendovernattingar var dominert av tyskarar, med 35 prosent.

Fleire overnattingar på Svalbard

Frå og med mars 2013 inngår tala for Svalbard i den ordinære statistikken. I juli i år var det 14 000 hotellovernattingar på Svalbard, ein auke på 22 prosent i forhold til juli 2012.

Omlegging gir brot i tidsserienÅpne og lesLukk

Overnattingsstatistikken er lagt om: Tala for hyttegrender og campingplassar kan frå og med januar 2013 ikkje lenger samanliknast med tidlegare år. Omlegginga tyder til dømes: Bedrifts- og foretaksregisteret er, saman med eigne undersøkingar i 2012, nytta som populasjonsregister. I tråd med internasjonale retningsliner er cut-off (nedre grense for at ei bedrift skal vere med) redusert frå 20 til 10 sengeplassar for hotell- og hyttegrendbedrifter og 10 einingar for campingbedrifter. Til slutt vert det for camping og hyttegrender no registrert gjestedøgn framfor einingsdøgn. Omlegginga har hatt mindre å seie for hotella, og samanlikning med tidlegare tal er derfor mogleg. Ein bør vere varsam når ein samanliknar tal for hotell på mindre, regionale nivå.