14540_not-searchable
/transport-og-reiseliv/statistikker/overnatting/arkiv
14540
Svak auke i talet på overnattingar
statistikk
2003-01-21T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
false

Overnattingarnovember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Svak auke i talet på overnattingar

Det var 23,51 millionar overnattingar ved kommersielle norske overnattingsstader i perioden januar til november 2002, og dette er ein auke på 0,6 prosent samanlikna med same periode i 2001. Den norske marknaden auka med 1,1 prosent, medan utanlandsmarknaden gjekk ned 0,5 prosent.

Tyskland var den absolutt største utanlandsmarknaden til og med november, med 1,67 millionar overnattingar. Talet på tyske overnattingar gjekk ned med 1,4 prosent samanlikna med same periode i 2001, og det var hotellovernattingane som blei færre.

Danmark var den nest største marknaden i perioden januar til november i 2002, med 962 000 overnattingar. Talet på danske overnattingar gjekk ned med 3 prosent, og som for tyskarane var det blant hotella det var nedgang.

Hotella dominerar

Til og med november 2002 var to tredjedelar av overnattingane hotellovernattingar. Campingplassane hadde 31 prosent av det totale talet på overnattingar, medan Hyttegrendene og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem stod for 3 prosent av overnattingane til saman.

I haustmånadane er det relativt liten trafikk ved campingplassane og hyttegrendene. Derfor er hotella enda meir dominerande i november enn i heile året sett under eit. Hotella hadde nesten 90 prosent av overnattingane i november, campingplassane 8 prosent, medan Hyttegrender og medlemsbedrifter i Norske Vandrerhjem stod for 2 prosent av overnattingane i den same månaden.

Auke for camping og hyttegrender

Til og med november var det 7,29 millionar overnattingar på campingplassar, ein auke på 4 prosent frå same periode i 2001. Både talet på norske og utanlandske overnattingar gjekk opp. Hyttegrendene hadde 464 000 overnattingar frå januar til november i 2002, 6 prosent fleire enn i same periode i 2001. Talet på norske og utanlandske overnattingar auka med respektive 4 prosent og 7 prosent.

Tabeller oktober

Tabeller november