13828_not-searchable
/teknologi-og-innovasjon/statistikker/iktbrukn/arkiv
13828
Omfattande utveksling av elektroniske data
statistikk
2010-10-01T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Virksomheter, foretak og regnskap
no
iktbrukn, Bruk av IKT i næringslivet, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, føretak, elektronisk kommunikasjon, internettbruk, websider, næringsfordelt IKT-bruk, netthandel, sikkerhetsløysingarInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Virksomheter og foretak, Virksomheter, foretak og regnskap, Teknologi og innovasjon
false

Bruk av IKT i næringslivet2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Omfattande utveksling av elektroniske data

Over halvparten av føretaka utvekslar elektroniske data med andre. Det er mellom dei største føretaka vi finn flest som har hatt problem med IKT-systemet og flest som har ein tryggleikspolitikk for å møte slike problem.

Føretak med utilgjengelege IKT-tenester eller tap av data. 2009. Føretak med IKT-tryggleikspolitikk. 2010. Prosent

Del av føretaka med elektronisk utveksling av data med andre. 2009-2010. Prosent

Frå 2009 til 2010 har delen av føretak som har utveksla elektroniske data med andre, auka frå 44 til 53 prosent. Undersøkinga dekkjer føretaka med minst 10 sysselsette. Den største auken har vore mellom dei minste av desse føretaka. Føretaka med mellom 10 og 19 sysselsette har vist ein auke frå 38 til 49 prosent. Ser vi på føretak med over 100 sysselsette, har delen som har drive elektronisk datautveksling, auka frå 72 til 75 prosent. Skilnaden mellom større og mindre føretak er derfor likevel framleis stor, sjølv om differansen har minka noko.

Halvparten sender informasjon elektronisk til det offentlege

Om vi ser på dei einskilde typane av datautveksling, finn vi at nær eitt av to føretak mottek elektroniske fakturaer frå andre føretak. Like mange sender data til eller mottek det frå offentlege styresmakter. Mellom 27 og 40 prosent av føretaka nyttar også elektronisk utveksling når dei sender eller mottek bestillingar, sender fakturaer, overfører transportdokument og sender betalingsinstruksjonar til banken. Felles for alle typar handlingar som er nemnde ovafor, er at det er flest store føretak som brukar elektronisk utveksling. Skilnadene mellom føretak innanfor ulike næringar er til dels store. Nokre av skilnadene har nok samanheng med dei ulike behova for slik datautveksling. Til dømes sender berre 25 prosent innanfor detaljhandelen elektroniske fakturaer, mot 47 prosent innanfor engroshandelen. Dette heng nok saman med at detaljhandelen i større grad brukar kontant betaling. Når det gjeld mottekne fakturaer, nyttar meir enn 50 prosent av føretaka innanfor begge desse næringane elektronisk utveksling.

Eitt av fire føretak deler elektronisk informasjon om styring av leveransekjeden med leverandørar eller kundar. Når det gjeld slik deling, er skilnadene små dersom vi ser på storleiken til føretaket, medan utslaga er større når vi ser på næringane: Handelsnæringane ligg klart føre dei andre. Detaljhandelen sin elektroniske kontakt med leverandørane er som venta langt meir omfattande enn tilsvarande kontakt med kundane.

Varierande bruk av elektronisk informasjon internt

I kor stor grad føretaka overfører elektronisk informasjon frå ordrar om kjøp og sal til ulike interne funksjonar, kan variere sterkt med storleiken på føretaket. Dette kan òg variere frå ei næring til ei anna. Skilnadene er minst når det gjeld bruken av slike informasjonar til føring av rekneskap. Dette er den vanlegaste bruken av slike elektronisk overførte informasjonar, og omkring halvparten av føretaka fører rekneskap på denne måten. Å nytte slik informasjon til å styre lagerbehaldninga er vanleg blant mindre enn 30 prosent av føretaka. Slik praksis er om lag to gongar vanlegare blant dei største føretaka enn blant dei minste. Handelsnæringa ligg òg høgt når vi ser på slik informasjonsbruk, medan industrien ligg over gjennomsnittet på alle funksjonane som her er nemnde. For andre næringar, som til dømes transport- og finansnæringane, er lagerstyring via ordrar om kjøp og sal mindre viktig.

Finansnæringa best på IKT-tryggleik

På spørsmål om føretaket har ein formelt definert IKT-tryggleikspolitikk med ein plan for regelmessig vurdering, svarar 46 prosent ja. Av dei største føretaka svarar 75 prosent positivt. Innanfor finansnæringa har så godt som alle ein slik tryggleikspolitikk. Også når det gjeld systematiske tiltak for å gjere dei tilsette merksame på pliktene dei har innanfor IKT-tryggleiken, ligg finansnæringa langt føre dei andre næringane. Til dømes har 92 prosent av desse føretaka ein kontrakt med dei tilsette om slike plikter, mot 43 prosent av føretaka totalt.

Del av føretaka som brukar operativsystem med open kjeldekode (som til dømes LINUX). 2008 og 2010. Prosent

Del av føretaka med faste breiband og faste breiband over 2 Mbit/s. 2003-2010. Prosent

Kvart femte føretak har problem med tilgang eller tap

At IKT-tenestene blei utilgjengelege, eller at data blei øydelagde eller gjekk tapt på grunn av feil i maskin- eller programvare, blei nemnt av 19 prosent av føretaka. Blant dei største føretaka var det dobbelt så mange som opplevde dette som i gruppa med 10-19 sysselsette. Den næringa som hadde størst problem med datatap og manglande tilgang, var informasjons- og kommunikasjonsnæringa med 32 prosent, tett følgt av finansnæringa med 31 prosent.

14 prosent nyttar digital signatur

Når det gjeld konkrete tiltak for å sikre IKT-systemet mot åtak eller feil, finn vi særleg høge tal for oppbevaring av back-up på annan lokalitet enn driftsmiljøet med 76 prosent, bruk av sterk truverdekontroll av passord med 55 prosent og logging av aktivitetar for analyse av hendingar med 47 prosent. For alle desse tiltaka ligg finansnæringa langt føre dei andre med høvesvis 98, 87 og 94 prosent. I finansnæringa er digital signatur nytta av 42 prosent av føretaka, mot 14 prosent av føretak totalt.

Næringslivets tilkopling til Internett og bruk av heimeside
  2010 2009-2010
  Prosent Prosent
Føretak med minst 10 sysselsette    
Type tilkopling til Internett1    
Faste breiband med overføringskapasitet over 2Mbit/s 70 -2
Faste breiband med overføringskapasitet under 2Mbit/s 15 -1
Berre mobilt breiband2 2 1
Tilkopling til Internett utan breiband2 10 2
     
Bruk av heimeside    
Har heimeside 79 4
Heimeside med produktkatalog eller prisliste 43 7
Motta bestillingar og reserveringar via heimesida 35 5
1  Nettotal etter rangert tilkopling (Fast tilkopling over 2Mbit/s, under
2 Mbit/s, mobilt breiband, utan breiband).
2  Mobilt breiband er skilt ut frå og med 2010. Berekna del med
berre mobilt breiband lik 1 prosent i 2009.

Utflating av veksten i faste breiband

Medan 97 prosent av føretaka med minst 10 sysselsette hadde tilgang til Internett i januar 2010, hadde 85 prosent tilgang til Internett med fast breiband. 2 prosent hadde tilgang berre via mobilt breiband, og 10 prosent var utan breiband (ISDN og modem). Denne undersøkinga hadde ikkje skilt ut dei med mobilt breiband i 2009, men andre tal tyder på ei dobling av denne delen med berre mobilt breiband frå 1 til 2 prosent. Om dette er korrekt, syner det ein liten nedgang for faste breiband over 2 Mbit/s på 2 prosentpoeng. For faste breiband under 2 Mbit/s var tilbakegangen på 1 prosentpoeng. Det var derimot ein auke på 2 prosentpoeng for tilknyting utan breiband. Vi ser også at auken i talet på faste breiband i alt har stoppa opp frå 2006, medan veksten i faste breiband med minst 2 Mbit/s har stoppa opp i 2009. Desse tala gjeld ikkje for alle føretak. Sjå elles Internettmålinga .

Del av føretaka som brukar breibandstelefoni. 2006-2010. Prosent

Fire av fem har heimeside

Samanlikna med 2009 har delen av føretaka med heimeside auka med 4 prosentpoeng, frå 75 til 79 prosent i 2010. I same perioden har delen som har heimeside med produktkatalog eller prisliste, auka med 7 prosentpoeng, frå 36 til 43 prosent. Delen som mottek bestillingar og reservasjonar via ei heimeside, har auka frå 30 til 35 prosent i 2010.

Det er svært liten endring i bruken av operativsystem med open kjeldekode, som til dømes LINUX, frå det førre året. Berre 8 prosent brukar dette i 2010, ein auke på 1 prosentpoeng. Dei største føretaka brukar slike operativsystem mykje meir enn dei små.

Delen av føretaka som brukar breibandstelefoni, har auka frå 12 prosent i 2006, til 16 prosent i 2008 og vidare til 19 prosent i 2010. Den største auken finn vi blant dei største føretaka.

Tal frå Europa

I samarbeid med EU sitt statistiske kontor, Eurostat, produserer fleire andre europeiske land statistikk om bruk av IKT i næringslivet. Opplegget for undersøkinga er tilpassa retningslinene til Eurostat. Internasjonalt samanliknbare tal finn ein på: http://epp.eurostat.ec.europa.eu/portal/page/portal/information_society/introduction

Tabeller: