255696
255696
Breibandhastigheita gjer eit byks
statistikk
2016-06-13T10:00:00.000Z
Teknologi og innovasjon;Svalbard
no
inet, Internett-målinga, breibandsabonnement, overføringskapasitet, overføringshastigheit, bedriftsmarknad, privatmarknadInformasjons- og kommunikasjonsteknologi - IKT, Teknologi og innovasjon, Teknologi og innovasjon, Svalbard
true

Internett-målinga1. kvartal 2016

Statistikken omfattar berre faste abonnement. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) lagar statistikk over dei mobile abonnementa.

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Breibandhastigheita gjer eit byks

Ein stor auke i talet på svært raske breiband sørgjer for at den gjennomsnittlege hastigheita på private breiband går opp frå 34,6 Mbit/s i 4. kvartal 2015 til 40,2 Mbit/s i 1. kvartal 2016.

Faste breibandsabonnement
1. kvartal 20164. kvartal 20151. kvartal 20151. kvartal 2015 - 1. kvartal 2016
EndringEndring i prosent
Faste breiband i alt2 047 0222 038 9861 985 87761 1453,1
Private breiband
Talet på private breiband1 914 4311 905 1201 853 04161 3903,3
Private breiband per 100 hushald82,681,178,83,84,8
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)40,234,629,910,334,4
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)25,624,921,04,621,9
Bedriftsbreiband
Talet på bedriftsbreiband132 591133 866132 836-245-0,2
Gjennomsnittshastigheit (Mbit/s)22,921,618,24,725,8
Medianverdi for nedlastingshastigheit (Mbit/s)12,011,28,63,439,5

Talet på private breibandabonnement i den raskaste kategorien – frå 128 Mbit/s og raskare – aukar frå 25 000 i førre kvartal til heile 81 000 i 1. kvartal. Det sentrale Austlandet står for brorparten av oppgangen med i overkant av 50 000 abonnement totalt. Gjennomsnittshastigheita i Oslo er no på 49,1 Mbit/s, opp frå 36,4 Mbit/s i førre kvartal, medan Akershus har auka frå 37,4 Mbit/s til 46,1 Mbit/s i den same perioden.

Medianverdien for nedlastingshastigheita på private breiband blir mindre påverka enn gjennomsnittshastigheita av auken i dei svært raske breibanda. På landsbasis hadde medianen ein avgrensa oppgang til 25,6 Mbit/s, opp frå 24,9 Mbit/s kvartalet før.

Rogaland framleis raskast

Med Oslo i hælane har Rogaland framleis den høgaste gjennomsnittshastigheita med 49,6 Mbit/s. Rogalendingane har òg den klart største andelen raske breiband. Heile 62 prosent av breibanda er på 32 Mbit/s eller raskare mot 39 prosent på landsbasis. På andreplass etter Rogaland ligg Nord-Trøndelag, der 46 prosent av dei private breibanda er raskare enn 32 Mbit/s.

På fastlandet har Finnmark den lågaste andelen private breiband over 32 Mbit/s med berre 20 prosent.

Oppland med lågast medianhastigheit

Innlandsfylka Oppland og Hedmark har lågast medianverdi for nedlastingshastigheita på private breiband. Den ligg på 14,5 Mbit/s i Oppland og 15,0 Mbit/s i Hedmark mot heile 41,7 Mbit/s i Rogaland.

Følgjande eksempel kan illustrere kva hastigheit har å seie: For å strøyme ei HD-sending over Internett krev fleire strøymetenester ei minstehastigheit på 5 Mbit/s. Det betyr at medan eit typisk privat abonnement i Oppland ville fått problem med tre HD-sendingar samtidig, ville eit typisk abonnement i Rogaland klare åtte HD-sendingar samtidig og framleis ha litt kapasitet til overs.

Bedriftsbreibanda med stor hastigheitsauke

Hastigheita på bedriftsbreiband har òg stige, både i forhold til førre kvartal og 1. kvartal i 2015. Her er gjennomsnittshastigheita no på 22,9 Mbit/s, og medianverdien for hastigheita er på 12,0 Mbit/s.

Skilnadene mellom fylka er mindre for bedriftsbreiband enn for private breiband. Delen med raske breiband over 32 Mbit/s varierer mellom 26 prosent i Oslo og 7 prosent i Nord-Trøndelag.

Auken i utbreiinga av private breiband held fram

Det var i 1. kvartal 2016 litt over 1,9 millionar private breibandabonnement i Noreg, inkludert Svalbard. Sidan 4. kvartal i 2015 har det vore ein auke på omtrent 10 000 abonnement. Talet på bedriftsbreiband går tilbake med omtrent 1 000 abbonement til 133 000.

Medrekna omtrent 133 000 bedriftsbreiband er det samla talet på faste breiband 2 047 000 i 4. kvartal.

På landsbasis hadde no 83 prosent av hushalda breiband i 1. kvartal 2016 mot 81 prosent kvartalet før og 79 prosent i 1. kvartal i 2015. Ein del av denne oppgangen skuldast at dette kvartalet bruker oppdaterte hushaldstal som er berekna på ein ny måte, og gir litt færre hushald.

Utbreiinga av breiband er framleis størst på Svalbard og i Oslo, med høvesvis 93 og 90 prosent av hushalda. Finnmark ligg lågast med 70 prosent av hushalda.

Endra rutine for danning av hushaldÅpne og lesLukk

Mellom publisering av 4. kvartal 2015 og 1. kvartal 2016, publiserte SSB nye hushaldstal. Frå og med 1. kvartal 2016 vert talet på hushald rekna ut i frå tal per 1.1.2015. Nye rutinar for å rekne ut talet på hushald, gjer at talet på hushald blir litt lågare enn tala som blei brukt 4. kvartal 2015 og tidlegare. Andelen private abonnement per 100 hushald vil derfor få ein større auke enn den elles ville ha fått.

Meir informasjon om endringane på statistikksidene til Familier og husholdninger.