10119
/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/statistikker/knr/arkiv
10119
Den sterke veksten i fastlandsøkonomien held fram
statistikk
2007-02-22T10:00:00.000Z
Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
knr, Nasjonalregnskap, bruttonasjonalprodukt, BNP, verdiskaping, bruttoprodukt etter næring, bruttoinvesteringer, konsum i husholdninger, konsum i ideelle organisasjoner, offentlig konsum, vareproduksjon, tjenesteproduksjon, eksport, import, lønnskostnader, sysselsetting, timeverk, oljeinvesteringer, fastlands-NorgeNasjonalregnskap, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false

Nasjonalregnskapdesember 2006

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Den sterke veksten i fastlandsøkonomien held fram

For tredje året på rad voks bruttonasjonalproduktet (BNP) for Fastlands-Noreg godt over 4 prosent. Det var sterk vekst i dei fleste næringane, både innanfor privat tenesteyting og industrien. Dette medførte ein auke i sysselsetjinga på over 72 000 personar i 2006.

Bruttonasjonalprodukt. Sesongjusterte volumindeksar. 2004=100

Veksten i Fastlands-Noreg var jamn over kvartala, og frå 3. til 4. kvartal var auken på 1,2 prosent. I 4. kvartal var det særleg finansiell tenesteyting og industri som medverka til den sterke veksten.

BNP totalt gjekk opp med 2,9 prosent frå 2005 til 2006. Både olje- og gassutvinning og utanriks sjøfart hadde lågare produksjon i 2006 enn året før. For olje- og gassutvinning kjem nedgangen av fleire driftstansar på enkelte av oljefelta.

Bruttonasjonalprodukt 4. kvartal 2005 til 4. kvartal 2006. Prosentvis
volumendring frå førre kvartal (sesongjustert vekst)
 
  2005 2006 4. kvartal
2005
1. kvartal
2006
2. kvartal
2006
3. kvartal
2006
4. kvartal
2006
 
Bruttonasjonalprodukt (BNP) 2,7    2,9 0,3 0,8 0,4 1,3 0,5
Fastlands-Noreg 4,5 4,6 1,4 1,1 1,1 1,1 1,2
Oljeverksemd og utanriks sjøfart -3,5 -3,5 -3,6 -0,3 -2,1 2,2 -2,4
Innanlandsk sluttbruk 5,6 5,7 1,4 0,5 1,6 2,0 0,7
Konsum i hushalda 3,2 4,2 -0,5 2,2 1,4 0,8 0,8
Konsum i offentleg forvaltning 1,8 2,2 0,4 1,6 0,3 0,0 0,0
Bruttoinvestering i fast kapital 11,2 8,9 10,9 -7,6 8,3 -0,6 5,2
Eksport 0,7 1,5 -0,4 0,7 0,3 -0,9 3,4
Import 8,6 9,1 2,6 -0,1 3,8 0,4 4,7
               
Sysselsette personar 1,0 3,1 0,3 1,2 1,0 0,8 0,5
Utførte timeverk 1,3 2,1 0,3 1,1 0,8 0,7 0,4
 

Fleire i arbeid

Talet på sysselsette personar auka med 3,1 prosent i 2006, eller med meir enn 72 000 personar. Særleg sterk var veksten i byggje- og anleggsnæringa og i forretningsmessig tenesteyting. Talet på sysselsette i desse næringane auka med nærare 8 prosent.

Også i industrien og offentleg forvaltning var det sysselsetjingsvekst, med ein auke på respektive 1,3 og 2,4 prosent.

Talet på utførte timeverk på fastlandet var 2,1 prosent høgare i 2006 enn året før.

Bruttoinvesteringar i fast kapital og konsum. Sesongjusterte volumindeksar. 2004=100

Auke i etterspørselen

I hushalda steig konsumet med 4,2 prosent i 2006. Konsumet av varer var 4 prosent høgare enn året før, medan konsumet av tenester gjekk opp med 3,5 prosent. Hushalda auka forbruket sitt i utlandet med 11,5 prosent i 2006, som var på same nivå som veksten året før. Sesongjustert gjekk konsumet opp med 0,8 prosent frå 3. til 4. kvartal.

Konsumgrupper som hadde sterk vekst, var mellom anna klede og sko, foto- og it-utstyr, møblar og kvitevarer, hotell- og restauranttenester og finansielle tenester. Konsumet av klede og sko auka med godt over 8 prosent i 2006, og det var også ein sterk sesongjustert vekst i 4. kvartal på 3,4 prosent. Hotell- og restauranttenestene gjekk opp over 5 prosent, og også her var det ein sterk vekst på slutten av året.

Offentleg konsum var 2,2 prosent høgare i 2006 enn i 2005, rekna i faste prisar. Konsumet i statsforvaltninga voks moderat på grunn av nedgang i forsvarskonsumet. Kommuneforvaltninga auka derimot konsumet med 3,7 prosent, hovudsakleg som følgje av vekst innanfor helsetenester, barnehagetenester og andre sosiale omsorgstenester.

Høge oljeinvesteringar også i 2006

Bruttoinvesteringane i fast realkapital auka med 9 prosent i 2006. Dette er tredje året på rad med sterk investeringsvekst. Om lag ein firedel av investeringane vart gjort innanfor oljeverksemda, som samla sett hadde ein vekst på nær 10 prosent. Også industriinvesteringane viste klar vekst.

Investeringar i bustader auka med 6,4 prosent i 2006, noko som er ein lågare vekst enn i dei to føregåande åra. Det var ein sesongjustert vekst på om lag 1 prosent i dei tre første kvartala, medan veksten i 4. kvartal var på 2,3 prosent.

Importen aukar meir enn eksporten

Importvolumet auka med 9,1 prosent i 2006, medan eksportvolumet auka med 1,5 prosent. Den relativt svake eksportveksten kjem av ein nedgang i eksporten av olje. Eksporten av tradisjonelle varer auka derimot med 6,5 prosent og eksporten av tenester med 7,6 prosent. Av dei tradisjonelle eksportvarene var det verkstadprodukt som auka mest.

I 2006 var det ein vekst i import av tradisjonelle varer på over 10 prosent. Særleg var det sterk auke i importen av industrivarer og kontor- og datautstyr. Importen av tenester gjekk opp vel 7 prosent.

Revisjonar av makroøkonomiske hovudstorleikar. Prosentvis volumendring
 
  2005 1. kvartal 2006 2. kvartal 2006 3. kvartal 2006
  Nye tal Førre publisering Sesongjustert Ujustert Sesongjustert Ujustert Sesongjustert Ujustert
  Prosentvis volumendring frå førre periode Prosentvis volumendring frå same periode året før Prosentvis volumendring frå førre periode Prosentvis volumendring frå same periode året før Prosentvis volumendring frå førre periode Prosentvis volumendring frå same periode året før
  Nye tal Førre publisering Nye tal Førre publisering Nye tal Førre publisering Nye tal Førre publisering Nye tal Førre publisering Nye tal Førre publisering
 
Bruttonasjonalprodukt 2,7 2,4     0,8 0,7     5,9 6,0     0,4 0,5     0,2 -0,1     1,3 1,3     2,8 2,6
BNP Fastlands-Noreg 4,5 4,1 1,1 0,9 8,2 8,5 1,1 1,1 1,7 1,4 1,1 0,9 4,4 4,1
Hushalda sitt konsum 3,2 3,1 2,2 1,9 4,7 4,7 1,4 1,5 3,4 3,2 0,8 0,7 4,1 3,9
Offentleg konsum 1,8 1,8 1,6 0,7 7,1 6,2 0,3 0,2 -1,8 -2,8 0,0 -0,1 2,6 1,5
Bruttoinvestering i fast kapital 11,2 11,2 -7,6 -7,4 9,6 10,2 8,3 6,2 11,4 10,7 -0,6 0,1 10,2 10,9
Eksport 0,7 0,6 0,7 -0,5 4,5 3,9 0,3 0,9 -1,7 -1,7 -0,9 -0,5 -0,4 -0,3
Import 8,6 8,6 -0,1 -0,7 14,1 13,7 3,8 3,8 6,8 6,6 0,4 0,4 6,9 7,0
 
BNP, sesongjustert
 
  Prosentvis endring frå førre kvartal
  1. kvartal 2005 2. kvartal 2005 3. kvartal 2005 4. kvartal 2005 1. kvartal 2006 2. kvartal 2006 3. kvartal 2006
 
Sverige 0,3 0,8 1,3 0,9 1,4 1,3 1,0
Danmark 0,4 1,7 0,7 -0,2 1,3 1,2 0,7
Finland 0,6 0,0 1,8 0,9 2,1 1,8 0,9
Tyskland 0,6 0,3 0,5 0,3 0,8 1,1 0,6
Frankrike 0,1 -0,1 0,7 0,2 0,5 1,1 0,0
UK 0,4 0,4 0,6 0,7 0,8 0,7 0,7
USA 0,8 0,8 1,0 0,4 1,4 0,6 0,5
 
Revisjonar

Resultata frå den kvartalsvise nasjonalrekneskapen byggjer på førebels informasjon. Ny informasjon vert teken i bruk etter kvart som han er tilgjengeleg og fører normalt til revisjonar av tidlegare publiserte tal.

 

I første kvartal er BNP for Fastlands-Noreg revidert noko opp, medan det er revidert noko ned i tredje kvartal. Konsumet er revidert litt opp både i andre og tredje kvartal. Revisjonane kjem av ny informasjon om tenesteproduksjonen.

 

Ved denne publiseringa er også tala for 2005 endra. Dette har i hovudsak samanheng med ny rekneskapsinformasjon om industrien. Totalt sett er veksten i BNP for fastlandet justert opp med 0,2 prosentpoeng.

Sjå temasida til nasjonalrekneskapen for forklaringar, etc.

Tabeller

Tabeller til publiseringen

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB