20374
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20374
Rekordhøg produksjon av svine- og fjørfekjøt
statistikk
2005-04-20T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Rekordhøg produksjon av svine- og fjørfekjøt

Det blei kontrollert 281 300 tonn kjøt i 2004. Dette er ein auke på 15 600 tonn, eller 6 prosent, frå året før, og det var produksjonen av svine- og fjørfekjøt som auka mest.

Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon. 2004. Prosent

Kjøtproduksjon. 1998-2004. Tonn

I perioden 2000-2003 låg total årleg kjøtproduksjon på 261 000-265 000 tonn i året, medan den auka kraftig frå 2003 til 2004. Det var særleg produksjonen av svine- og fjørfekjøt som gjekk opp. Det blei produsert 113 500 tonn svinekjøt i 2004, og det er 7 500 tonn, eller 7 prosent, meir enn i 2003. Produksjonen av fjørfekjøt auka med 5 200 tonn til 54 200 tonn, tilsvarande ein auke på knapt 11 prosent.

Av totalproduksjonen på 281 300 tonn utgjorde svinekjøt 40 prosent, storfe 31 prosent, fjørfe 19 prosent og sau 9 prosent. Produksjonen av fjørfekjøt har auka jamt gjennom heile 1990- og 2000-talet, medan produksjonen av svinekjøt har variert noko meir. Produksjonen av svinekjøt gjekk ned frå 2001 til 2002, for så å auke igjen dei to påfølgande åra.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB