20378
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20378
Meir svine- og fjørfekjøt
statistikk
2004-03-24T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir svine- og fjørfekjøt

I 2003 kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 265 600 tonn kjøt. Det er ein auke på 4 200 tonn samanlikna med året før.

Kjøtproduksjon, etter fylke. 2003. Tonn

Produksjon av fjørfekjøt. 1990-2003. Tonn

Det var fjørfe og svin som stod for auken. Det vart kontrollert 49 000 tonn fjørfekjøt, ein auke på 3 200 tonn eller 7 prosent samanlikna med 2002. Mengda av fjørfekjøt har auka mest kvart einaste år sidan 1982. Mengda av svinekjøt var på 106 000 tonn - ein auke på 2 000 tonn eller 2 prosent frå året før. Mengda av sauekjøt gjekk ned med 600 tonn til 24 400 tonn, medan produksjon av storfekjøt var om lag uendra på 85 300 tonn.

Av totalproduksjonen på 265 600 tonn utgjorde svinekjøt 40 prosent, storfe 32 prosent, fjørfe 18 prosent og sau 9 prosent.

Rogaland på topp

Som vanleg hadde Rogaland høgast kjøtproduksjon. Ein femtedel av alt kjøtet blei produsert i dette fylket, medan Nord-Trøndelag og Hedmark stod for 11 prosent av produksjonen kvar for seg. Den største produksjonen av storfekjøt hadde Rogaland med 14 100 tonn og Oppland med 10 600 tonn. Rogaland var også størst på svinekjøt, med 26 100 tonn, eller 25 prosent av totalen. Deretter følgde Nord-Trøndelag med 16 200 tonn. Østfold var det fylket som produserte mest fjørfekjøt, 11 200 tonn, og det utgjer vel 20 prosent av den totale produksjonen av fjørfekjøt. Også Hedmark er ein stor produsent av fjørfekjøt med 10 500 tonn. Det blei produsert mest sauekjøt i Rogaland og Oppland, med respektive 4 800 og 2 900 tonn.

Dei ulike kjøtslaga sin del av total kjøtproduksjon i 2003. Prosent

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB