20390_not-searchable
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/arkiv
20390
Nedgang i kjøtproduksjonen
statistikk
2001-03-29T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i kjøtproduksjonen

Etter å ha auka jamt gjennom heile 1990-talet, vart det i 2000 registrert ein nedgang i den totale kjøtproduksjonen her i landet. Førebelse tal syner at det vart kontrollert 261 000 tonn kjøt, ein nedgang på knappe 2 prosent frå året før.

 Slakt godkjende til folkemat. 1990, 1995-2000. Tonn

 Slakt av fjørfe. 1990, 1995-2000. Tonn

Av det kontrollerte slaktet i 2000 utgjorde svinekjøt 39 prosent, storfekjøt 35 prosent, fjørfekjøt 16 prosent og sauekjøt 9 prosent. Samanlikna med 1999 auka slaktemengda av fjørfe og sau, medan mengda av storfe og svin gjekk ned. For storfe aleine var nedgangen på 5 prosent.

Fjørfeslakt: Fordobla sidan 1990

Sidan 1990 er slaktemengda av fjørfe meir enn fordobla, frå 19 500 til 42 900 tonn. Berre frå 1999 til 2000 auka slakt av fjørfe med 18 prosent.

Svineslakt: Nedgang frå 1999

Gjennom heile 1990-tallet har det vore auke i produksjonen av svinekjøt. Frå 1999 til 2000 derimot, var det ein nedgang på knappe 6 prosent til 102 800 tonn. Dette er den lågaste registrerte produksjonen av svinekjøt på fem år.

Tabeller: