236224
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/aar
236224
Sterk nedgang i produksjonen av fjørfekjøt
statistikk
2016-04-05T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false
Slaktestatistikken gir en oversikt over total kjøttproduksjon og produksjonen fordelt på de ulike dyreslagene, for eksempel svin, fjørfe, storfe og sau. Samla kjøtproduksjon gjekk ned med 5 500 tonn til 332 800 tonn frå 2014 til 2015.

Kjøtproduksjon2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk nedgang i produksjonen av fjørfekjøt

Samla kjøtproduksjon gjekk ned med 5 500 tonn til 332 800 tonn frå 2014 til 2015, trass auka slakt av svin, sau og storfe. Til det var nedgangen i produksjonen av fjørfekjøt for stor.

Slakt godkjent til mat.
TonnProsent endring fraProsent endring fra
20152014 - 20152010 - 2015
Svin134 6694,54,6
Fjørfe92 532-12,89,1
Storfe79 6721,2-4,6
Sau25 5555,84,6

Produksjonen av fjørfekjøt minka med 13 600 tonn eller 13 prosent frå 2014 til 2015. I same perioden auka produksjonen av svinekjøt med 5 800 tonn, og produksjonen av sauekjøt og storfekjøt med respektive 1 400 og 900 tonn. Sjølv om det var auke i produksjonen av desse kjøtslaga, gjorde det ikkje opp for nedgangen i fjørfekjøtproduksjonen.

Av den samla kjøtproduksjonen på 332 800 tonn utgjorde svin 40 prosent, fjørfe 28 prosent, storfe 24 prosent og sau 8 prosent.

Det er Rogaland som har den høgaste totale kjøtproduksjonen, og i 2015 sto dette fylket for 23 prosent av totalproduksjonen. Nord-Trøndelag og Hedmark kvar for seg stod for om lag 13 prosent, medan Østfold og Oppland hadde respektive 9 og 8 prosent av totalproduksjonen.

Det blei produsert 134 700 tonn svinekjøt i 2015, og 30 prosent av dette blei produsert i Rogaland. Deretter følgde Hedmark og Nord-Trøndelag, kvar med 14 prosent av svinekjøtproduksjonen.

Fjørfeproduksjonen er konsentrert til Rogaland, Østfold, Hedmark, Nord- og Sør- Trøndelag. I 2015 blei 87 prosent av en total produksjon på 92 500 tonn produsert i desse fem fylka. Rogaland hadde den høgaste delen av fjørfeproduksjonen med 20 prosent, tett følgd av Østfold og Hedmark, med respektive 19 og 18 prosent. Nord-Trøndelag produserte 17 prosent av fjørfekjøtet, medan Sør-Trøndelag sto for 12 prosent.

Av i alt 79 700 tonn storfekjøt blei 17 prosent produsert i Rogaland. Deretter følgde Oppland med 15 og Nord-Trøndelag med 11 prosent.

Vel ein femtedel av i alt 25 600 tonn sauekjøt i 2015 kom frå Rogaland, medan 12 prosent kom frå Oppland. Fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Nordland hadde kvar for seg 9 prosent av sauekjøtproduksjonen.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB