Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Auke i samla kjøtproduksjon
Den samla kjøtproduksjonen gjekk opp med 15 200 tonn, til 339 300 tonn, frå 2012 til 2013. Det var auke for alle kjøtslaga med unnatak av svinekjøt.
| Tonn 2013 | Prosent endring fra | ||
|---|---|---|---|
| 2012-2013 | 2008-2013 | ||
| Svin | 127 516 | -3,1 | 3,9 |
| Fjørfe | 104 030 | 14,1 | 23,8 |
| Storfe | 83 696 | 7,3 | -3,2 |
| Sau | 23 424 | 2,8 | -2,9 |




Av det kontrollerte slaktet i 2013 utgjorde svinekjøt 128 000 tonn, fjørfekjøt 104 000 tonn, storfekjøt 84 000 tonn og sauekjøt 23 000 tonn.
Kraftig vekst i fjørfeproduksjonen
Det var produksjon av fjørfekjøt som auka mest frå 2012 til 2013, med ein oppgang på 13 000 tonn, eller 14 prosent. Slakt av storfe gjekk opp 6 000 tonn, tilsvarande ein auke på 7 prosent. For sauekjøt var det ein produksjonsvekst på 600 tonn, eller 3 prosent. Slakt av svin gjekk ned med 4 000 tonn, eller 3 prosent, i same perioden.
Rogaland på topp
Det blir framleis produsert mest kjøt i Rogaland, med 23 prosent av den totale kjøtproduksjonen, medan Nord-Trøndelag og Hedmark stod for respektive 14 og 13 prosent av totalproduksjonen.
Kontakt
-
Berit Bjørlo
E-post: berit.bjorlo@ssb.no
tlf.: 40 81 13 76
-
Magnus Theodor Engh
E-post: magnus.theodor.engh@ssb.no
tlf.: 40 81 13 40