99874
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/slakt/aar
99874
Auke i produksjonen av fjørfekjøt
statistikk
2013-04-22T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri;Energi og industri
no
slakt, Kjøtproduksjon, kjøtkontroll, kontrollerte slaktIndustri og bergverksdrift, Jordbruk, Energi og industri, Jord, skog, jakt og fiskeri
false

Kjøtproduksjon2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i produksjonen av fjørfekjøt

Produksjonen av fjørfekjøt gjekk opp med nesten 7 000 tonn, til om lag 91 000 tonn, frå 2011 til 2012. På same tid hadde storfekjøt ein nedgang på 4 000 tonn, eller 4,51 prosent. Det var liten endring i produksjonen av svine- og sauekjøt.

Slakt godkjent til folkemat.
TonnProsent endring fra
20122011 - 20122002 - 2012
I alt324 1550,924,0
Svin131 5590,626,5
Fjørfe91 1567,698,7
Storfe77 982-4,5-8,9
Sau22 777-2,6-8,8

Samla kjøtproduksjon auka svakt med 3 000 tonn, til 324 000 tonn, frå 2011 til 2012. Det var produksjonen av fjørfekjøt som auka mest, med 7,6 prosent. Slakt av storfe og sau gjekk i same perioden ned med respektive 4,5 og 2,6 prosent, medan slakt av svin hadde lita endring. Av det kontrollerte slaktet i 2012 utgjorde svinekjøt 132 000 tonn, fjørfekjøt 91 000 tonn, storfekjøt 81 000 tonn og sauekjøt 23 000 tonn.

Det blir framleis produsert mest kjøt i Rogaland, heile 23 prosent av produksjonen, medan Nord-Trøndelag og Hedmark stod for 14 og 12 prosent av totalproduksjonen. Rogaland var største kjøtprodusenten av svinekjøt, storfekjøt og sauekjøt med respektive 39 400 tonn, 13 200 tonn og 4 900 tonn. Produksjonen av fjørfekjøt var størst i Østfold og Nord-Trøndelag.

 

1 Talet blei retta 22. april kl. 10.30.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB