Primært menn i primærnæringane

Publisert:

Sjølv om delen kvinner i primærnæringane aukar litt om senn, er det svært langt att til dei er like mange som mennene. Kvinnene driv også svært få av dei største gardsbruka. Både i jordbruk og fiske har kvinnene dessutan langt lågare inntekt enn mennene.

Delen kvinnelege bønder aukar sakte. I 2018 utgjorde kvinnene 16 prosent, medan tilsvarande tal i 1999 var 13 prosent. For 50 år sidan var 6 prosent av brukarane kvinner. I alt vart 6 100 jordbruksbedrifter drivne av ei kvinne i 2018. Dei siste ti åra har dette talet halde seg nokså stabilt, medan det har blitt nesten 7 000 færre menn som driv gard i denne perioden.

Figur 1. Kjønnsfordeling blant gardbrukarar

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Personlege brukarar, menn 60914 58439 55503 52182 48980 46337 43751 41857 40389 39204 38318 37471 36775 36142 35220 34574 33671 32963 32206 31524
Personlege brukarar, kvinner 9045 9205 8982 7862 7328 7039 6725 6560 6550 6475 6334 6295 6164 6161 6111 6156 6096 6074 6067 6088

Få kvinner driv store gardsbruk

Delen kvinnelege gardbrukarar er klart størst på dei minste gardane. Av jordbruksbedriftene med mellom 5 og 49 dekar jordbruksareal i drift hadde 23 prosent kvinnelege brukarar i 2018. Når det gjeld dei største jordbruksbedriftene med over 500 dekar i drift, vart berre 9 prosent drivne av kvinner.

Finnmark har 27 prosent kvinnelege bønder

Kvinneandelen blant bøndene er størst i dei tre nordlegaste fylka. Finnmark toppar med 27 prosent. I andre enden av lista ligg Østfold, Vestfold, Akershus og Oppland med knapt 15 prosent. Også for 20 år sidan var det Finnmark som låg på topp. Saman med Trøndelag har finnmarkingane dessutan hatt den største auken i delen kvinnelege bønder sidan tusenårsskiftet.

Jordbrukskvinnene har mindre att for strevet

Både når det gjeld næringsinntekt frå jordbruk og samla bruttoinntekt tente dei kvinnelege gardbrukarane mindre enn mennene i 2017. Medan gjennomsnittleg bruttoinntekt for mennene var 687 000, var tilsvarande inntekt for kvinnene 522 000 kroner. Det var også stor skilnad i kor mykje næringsinntekta frå jordbruket utgjorde av samla inntekt. For menn var gjennomsnittet 215 000 kroner, kvinnene nøyde seg med 125 000 kroner. Skilnaden var minst blant mjølkebøndene. For denne gruppa var næringsinntekta til kvinnebøndene 73 prosent av det mennene hadde.

40 prosent kvinner blant dei som overtek landbrukseigedom

Kvinner eig 28 prosent av landbrukseigedomane. Kvart år får om lag 9 000 av desse ny eigar. Ved overdraging av landbrukseigedomar er nesten 40 prosent av dei nye eigarane kvinner. Delen kvinner er minst for eigedomar som er lyste ut for sal på den opne marknaden. Av desse vart kvar fjerde eigedom kjøpt av ei kvinne i 2017. Ved ei ordinær generasjonsoverdraging var kvar tredje av dei nye eigarane ei kvinne.

Om lag kvar tredje landbrukseigedom skiftar eigar som følgje av at eigaren eller ein av eigarane døyr. I slike tilfelle får vi eit skifteoppgjer, eller så får den attlevande ektefellen tinglyst retten til å sitte i uskifte bu. I godt over halvparten av desse tilfella er det kvinner som blir ståande som ny eigar.

Størst del kvinnelege skogeigarar i Oslo

Ser vi på skogeigedomane med ein personleg eigar, er det størst del kvinner blant eigarar som bur i Oslo. Deretter følgjer dei nordlegaste fylka. Skogeigarar som bur i Oslo, eig stort sett skog i eit anna fylke, og kvar tredje av dei er kvinner. Tilsvarande tal er rundt 30 prosent i dei tre nordlegaste fylka våre. Av dei knappe 120 000 skogeigedomane med personleg eigar i 2017 hadde 93 000 ein personleg eigar, og av desse var 25 prosent kvinner. I 1979 var tilsvarande tal 13 prosent.

12 900 skogeigedommar vart eigde i fellesskap av ektefellar, og sambuarar og 11 300 eigedomar var andre sameige. Skogsameiga hadde til saman 37 700 eigarar, av desse var nesten halvparten kvinner. Alt i alt utgjer kvinner ein tredjedel av dei som eig skog. For dei små skogsameiga var kjønnsfordelinga nokså lik, medan det for eigedomar med over 2 000 dekar produktiv skog var 30 prosent kvinnelege eigarar.

Berre 3 prosent av fiskarane er kvinner

I alt var 9 500 norske fiskarar registrerte i Fiskarmanntalet med fiske som hovudnæring i 2017. Berre litt over 300 av dei var kvinner. Tek vi med dei som hadde fiske som attåtnæring, kjem vi til at litt under 400 kvinner dreiv næringsfiske i 2017. Går vi 25 år tilbake i tid, var det dobbelt så mange kvinner i dette yrket. Men den gongen var det òg mange fleire menn som var fiskarar. Delen kvinner har auka svært sakte frå litt under tre prosent for 25 år sidan til litt over tre prosent i våre dagar.

Fiskarmennene håvar inn mykje meir

Ikkje berre er kvinnene få, dei tener også mindre enn dei mannlege kollegaene. Gjennomsnittleg bruttoinntekt blant dei kvinnelege fiskarane var 510 000 kroner, medan mennene hadde 881 000 kroner i snitt i 2017.

Kontakt