84929_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
84929
Meir til dei yngste og eldste
statistikk
2012-07-04T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2011, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir til dei yngste og eldste

Talet på brukarar av heimesjukepleie og praktisk bistand steig noko blant dei yngre og dei eldste det siste året. Oppgangen kan forklarast ved tilsvarande endringar i folketalet for desse gruppene, men òg ved at dei yngste får noko meir tenester.

Sjølv om det har vore små endringar frå 2010 til 2011, viser tala ei tydeleg utvikling dei seinaste åra. I 2011 har det vorte 240 fleire rom fordelt på nokre færre institusjonar, slik at delen med einerom no er på 96,9 prosent. Talet på aldersheimplassar går framleis ned. Nedgangen var på om lag 200 plassar frå 2010 til 2011, samstundes som talet på sjukeheimsplassar auka noko mindre.

Bebuarar i institusjonar for eldre og funksjonshemma, etter alder. 1992-2011*

Det har vorte færre bebuarar i institusjonar i aldersgruppa 80-89 år, men tilsvarande fleire blant dei yngre og dei eldste. Auken har vore størst for dei under 67 år, noko som kan forklare kvifor det var fleire bebuarar med korttidsopphald Samstundes auka talet på bebuarar i kommunalt disponerte bustader med om lag 4 prosent. Nær halvparten av desse bustadane har bemanning heile døgnet. Ser ein på aldersgrupper, er det størst auke blant bebuarar under 67 og over 90 år. Til saman har talet på bebuarar i dei to gruppene auka med om lag 6 prosent i institusjonar, og meir enn 14 prosent i pleie- og omsorgsbustader.

Størst vekst i heimesjukepleia

Totalt auka talet på brukarar av alle pleie- og omsorgstenestene med om lag 3 000 frå 2010. Det har vorte færre som nyttar berre praktisk bistand og langtidsopphald i institusjon. Samstundes auka talet på brukarar av heimesjukepleie, både aleine og i lag med praktisk bistand. Dette utgjer tilnærma halvparten av alle tenestebrukarar.

Det er drygt 177 000 brukarar av heimesjukepleie og praktisk bistand, ein auke på over 2 500 personar frå 2010. Medan talet på brukarar i alderen 67-89 år har gått ned, har det blitt over 2 000 fleire brukarar under 67 år. Det er også vorte om lag 1 000 fleire av dei over 90 år. Dette utgjer ein kraftig vekst dei siste to åra - rundt 5 prosent for dei yngre og over 13 prosent for dei eldste. Desse endringane kjem i stor grad av demografiske forhold. Den einaste aldersgruppa med aukande del av brukarar samanlikna med gruppa sin storleik i befolkninga, er dei under 67 år.

Brukarar av heimetenesta, etter alder. 1992-2011*

Bruken av andre tenester for pleietrengande som bur heime, og som fyrst og fremst er eit tilbod til dei under 67 år, viser også ein oppgang. Sjølv om 80 til 90 prosent av dei som nyttar støttekontakt og avlastning utanfor institusjon, er dei yngre, har den største prosentauken vore blant dei over 67 år.

Det er 9 prosent fleire med brukarstyrt personleg assistanse. Også her har talet på brukarar auka mest blant dei yngre, medan eldre mottakarar har den prosentvis største veksten.

Meir tid til dei yngste brukarane

Medan talet på institusjonsbrukarar var uendra, auka talet på brukarar innanfor pleie og omsorgstenestene i heimtenesta. Auken vart møtt med rundt 2 700 fleire årsverk. Talet på årsverk (fråtrekt fråvær) per brukar syner ein svak auke. Fråvær har vorte redusert med 0,5 prosentpoeng, noko som i seg sjølv aukar personellinnsatsen per brukar.

Brukarar av heimesjukepleie og praktisk bistand fekk i gjennomsnitt 7,9 timar hjelp i veka i 2011, noko meir enn i 2010. Elles viser tala ein auke i tildelte timar som følgjer auken i brukarane sine behov. Dei yngste aldersgruppene er i gjennomsnitt tildelt meir hjelp på alle nivå, og skilnaden er størst for brukarar med dei største behova. Dette heng saman med at tenestesamansetninga normalt er ulik for mottakarar i ulike aldersgrupper. Medan dei eldre med størst behov for bistand får tilbod om plass i institusjon, vert behova til de yngste ofte møtt med omfattande innsats frå heimetenesta.

Meir informasjon om IPLOS: http://www.ssb.no/a/innrapportering/iplos/

Av plassomsyn vert ikkje alle årgangane vist i tabellar i siste artikkelen. Fråverande årgangar finn ein i tabellane knytte til tidlegare publiseringar (sjå vala i spalta til venstre).

Tabeller: