20869_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20869
Stadig fleire yngre heimetenestemottakarar
statistikk
2007-06-28T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2006, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire yngre heimetenestemottakarar

Førebelse tal for 2006 for kommunale pleie- og omsorgstenester viser ein kraftig auke frå 2005 i talet på heimetenestemottakarar under 67 år, om lag 4 500 eller heile 9 prosent. Totalt er auken i talet på heimetenestemottakarar rundt 4 prosent.

Talet på heimetenestemottakarar totalt er auka til 171 500, medan talet på bebuarar i institusjon er stabilt på 41 000. Årsverksveksten innanfor pleie- og omsorgstenestene var 5 prosent, noko større enn veksten i talet på heimetenestemottakarar. Det legemeldte sjukefråveret og fødselspermisjonar var uendra på totalt 11 prosent av avtalte årsverk. Dermed vart det i snitt litt meir tid på kvar einskild tenestemottakar.

Også fleire heimetenestemottakarar på 85 år og over

På same tid er det òg ein stor auke i talet på dei eldste heimetenestemottakarane på 85 år og oppover, medan aldersgruppa mellom 67 og 84 år viser ein svak tilbakegang. Endringstala for dei over 67 år og over skuldast i langt større grad demografiske forhold enn tilfellet er med dei under 67 år. Det er særleg talet på mottakarar som får både heimesjukepleie og praktisk bistand som aukar, men også dei med berre heimesjukepleie har vorte fleire.

Færre langtidsbebuarar under 50 år

Sjølv om totaltalet på institusjonsbebuarar ikkje endra seg, var det ein viss auke i talet på bebuarar i alderen 50 til 67 år. Det er no berre 173 langtidsbebuarar under 50 år - lågare enn nokon gong. Ein tredel av desse bur i spesialtilpassa buformer for heildøgns omsorg og pleie. Det er om lag 500 færre bebuarar enn plassar, slik at det i nokre kommunar er ledige plassar.

Også mottakarar av avlastning og støttekontakt kan vise til ein tilsvarande auke i tal som i heimetenestene. For mottakarar for avlastning utanom institusjon er talet no på i overkant av 9 000. To tredeler av desse er barn og ungdom. Talet på mottakarar over 67 år minskar stadig. Talet på støttekontaktar auka sterkt til 25 000, mest blant dei eldste på 80 år og over.

Se også: http://www.ssb.no/helsetjko/arkiv/

Tabeller: