20873_not-searchable
/helse/statistikker/pleie/arkiv
20873
Ein av fem brukarar bur i institusjon
statistikk
2002-06-21T10:00:00.000Z
Helse;Offentlig sektor
no
pleie, Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester, eldreomsorg, sjukeheimar, funksjonshemma, heimesjukepleie, heimehjelp, heimetenester, IPLOS, aldersheimar, institusjonar, omsorgsbustader, pleiepersonell, avlasting, støttekontakt, omsorgslønn, BPA (brukarstyrt personleg assistanse)KOSTRA, Helsetjenester, Helse, Offentlig sektor
false

Sjukeheimar, heimetenester og andre omsorgstenester2001, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ein av fem brukarar bur i institusjon

Ved utgangen av 2001 var meir enn 203 000 personar registrerte som brukarar av pleie- og omsorgstenester. Av desse budde ein av fem i institusjon.

Ved utgangen av 2001 budde 41 800 personar i institusjonane. 75 prosent av desse bebuarane var over 80 år, medan nærare 4 prosent var under 67 år. 87 prosent av dei som budde i institusjonane, var skrivne inn til eit langtidsopphald, det vil seie eit opphald som var meint å vare meir enn tre månader då dei vart skrivne inn. Litt over ein halv prosent av dei som var skrivne inn for langtidsopphald i institusjonane var personar under 50 år.

Fleire sjukeheimsplassar

Av dei 42 800 plassane i institusjonar for eldre og funksjonshemma var 36 700 plassar i sjukeheim, ein auke på 2 400 plassar sidan 1997. Som tidlegare år, er det talet på sjukeheimsplassar som stig, medan talet på plassar i aldersheimar går ned. Ved utgangen av 2001 var det 5 300 plassar igjen i aldersheimar.

Institusjonane hadde omlag 38 200 rom. Nær 88 prosent av desse var einerom. Sidan byrjinga av 1990-talet har talet på einerom auka med 9 prosentpoeng.

Fleire tek imot tenester heime

I overkant av 161 600 personar fekk hjelp frå heimetenestene ved utgangen av 2001, ein auke på 1 900 frå året før. Dette er det høgaste talet på brukarar som er registert sidan statistikken ble lagt om i byrjinga på 1990-talet. Framleis får 38 prosent av brukarane berre praktisk bistand, det vil seie heimehjelp. Ein av fire mottakarar av heimetenester er under 67 år. Meir enn to av tre brukarar av heimetenester er kvinner.

Over 6 300 brukarar fekk tenester frå heimehjelp eller heimesjukepleie meir enn 35,5 timar per veke, ein auke på 300 frå 2000. Dei fleste av desse brukarane var under 67 år, berre ein av seks var over 67 år. Om lag 800 personar hadde brukarstyrt personleg assistent.

Personar som tek imot omsorgsløn. 1994-2001

Over 20 000 personar hadde støttekontakt ved utgangen av året. 13 800 av desse var under 50 år. 8 000 personar fekk avlasting utanfor institusjon, 5 700 av dei var born og unge under 18 år.

Meir enn 6000 personar fekk omsorgsløn frå kommunen for å gi hjelp til pleietrengjande born, foreldre eller andre nære slektningar i 2001. Talet på personar som tek imot ei slik yting, har auka svakt sidan 2000. Talet på mottakarar av omsorgsløn er likevel meir enn dobla sidan 1994.

Ved utgangen av året budde 45 000 personar i ein bustad til pleie- og omsorgsføremål. Yngre bebuarar, det vil seie dei som er under 67 år, utgjer 30 prosent av alle som bur i ein slik bustad, medan dei som er 80 år eller eldre utgjer meir enn 43 prosent. To av tre av alle bebuarar i slike bustader er kvinner. Berre blant dei som er yngre enn 50 år er menn i fleirtal.

Stadig fleire årsverk

Årsverka innanfor pleie- og omsorgstenestene auka med 1 700 frå utgangen av 2000 til utgangen av 2001. I 2001 var det stillingar svarande til 91 400 årsverk i pleie- og omsorgstenestene, eller om lag 0,45 årsverk per brukar. Om lag halvparten av årsverka ble utførte av personar med enten sjukepleiar eller hjelpepleiarutdanning.

Utgifter til pleie og omsorg

I overkant av 30 prosent av kommunanes utgifter går til pleie- og omsorgstenestene. Av driftsutgiftene innanfor pleie og omsorg går meir enn 43 prosent til tenester som blir gitt i brukarane sine heimar, medan nær 51 prosent går til tenestene i institusjon. Den gjennomsnittlege lønskostnaden pr. årsverk i pleie- og omsorg var i overkant av 368 000 kroner i 2001.

Innføring av KOSTRA

Frå og med 2002 rapporterar alle kommunar elektronisk via KOSTRA (Kommune-Stat-Rapportering) Meir informasjon om denne rapporteringa finn ein på http://www.ssb.no/kostra . 218 kommunar rapporterte gjennom KOSTRA for fyrste gong, medan dei andre kommunane har rapportert sine data eitt eller fleire år tidligare. Det kan være forskjell mellom tala som blir presenterte her og i KOSTRA, fordi vi i tabellane med førebelse tal har estimert datagrunnlaget for kommunar som ikkje leverte tal innan fristen for KOSTRA-publiseringa. Desse estimata er ikkje med i nøkkeltala under KOSTRA.

Tabeller: