201404_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/pii/maaned
201404
Framleis svak industriproduksjon
statistikk
2016-01-08T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
pii, Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, industriproduksjon, volumindikator, innsatsvarer, investeringsvarer, konsumvarer, energivarerEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer
false
Produksjonsindeksen måler utviklingen i verdiskaping i olje og gass, industri, bergverk og kraft. Industriproduksjonen gjekk opp 1,0 prosent fra oktober til november. 2015.

Produksjonsindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyningnovember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis svak industriproduksjon

Produksjonen i norsk industri gjekk ned 1,3 prosent i perioden september–november 2015 samanlikna med tremånadsperioden før, viser sesongjusterte tal. Nok ein gong er det låg produksjon innanfor olje- og gassrelatert industri som forklarar nedgangen. Frå oktober til november 2015 var det derimot ein oppgang på 1,0 prosent.

Produksjonsindeks. Prosentvis endring og vekter
SesongjustertKalenderjustert1Vekter2
Månadsendring3-månadsendring12-månadsendring
November 2015 / Oktober 2015September 2015 - November 2015 / Juni 2015 - August 2015November 2015 / November 2014
1Korrigert for at vekedagar har ulik arbeidsintensitet og for offentlege fri- og heilagdagar i Noreg.
2Vektene blir oppdaterte årleg og gjeld for heile året.
Utvinning, bergverk, industri og kraft-0,8-0,6-1,8100,0
Utvinning og utvinningstjenester-1,9-0,31,171,8
Bergverksdrift0,1-8,2-14,00,6
 
Industri1,0-1,3-6,622,1
Nærings-, drikkevare og tob.ind.1,50,80,94,3
Oljeraff., kjemisk, farmas. industri0,0-1,54,72,0
Metallindustri5,80,7-0,60,9
Maskinindustri1,8-2,2-11,12,9
Bygging av skip og oljeplattformer-0,1-3,5-25,52,3
 
Kraftforsyning0,0-0,40,05,5

Indeksnivået for industriproduksjonen var på 116,6 (2005=100) i perioden september–november 2015, mot 118,1 i tremånadsperioden før.

Tremånadsendring: Nedgang i oljerelatert industri

Sesongjusterte tal viser ein nedgang i industriproduksjonen på 1,3 prosent i perioden september–november 2015 samanlikna med den føregåande tremånadsperioden. Framleis er det låg produksjon blant leverandørar til olje- og gassektoren som forklarar mykje av nedgangen. Denne kjem særleg innanfor næringane:

• Maskinreparasjon og -installasjon

• Bygging av skip og oljeplattformer

• Maskinindustrien

Fleire verksemder innanfor maskinreparasjon og -installasjon har opplevd lågare aktivitet dei siste månadene. Sidan toppen i desember 2014 har produksjonen innanfor maskinreparasjon og -installasjon falle kraftig. Meir generelt er det den reduserte investeringsaktiviteten i olje- og gassektoren som forklarar mykje av nedgangen i dei oljerelaterte næringane, noko som mellom anna har gjeve ein nedgang i bruken av innleigd arbeidskraft. Det var òg ein nedgang i kjemiske råvarer i denne perioden, som mellom anna skuldas produksjonsstans hos nokre toneangivande aktørar.

Papir- og papirvareindustri var ei av få næringar som hadde produksjonsauke i denne perioden. Også næringsmiddel- og drikkevareindustri hadde ei auke i same periode.

Månadsendring: Oppgang frå oktober til november 2015

Sesongjusterte tal viser at industriproduksjonen frå oktober til november 2015 hadde ein oppgang på 1,0 prosent. Oppgangen kjem mellom anna frå næringane næringsmiddelindustrien, gummi, plast og mineralsk industri, og ikkje-jarnhaldige metaller. Samstundes var det óg ein auke i maskinindustrien.

På den andre sida var det ein forholdsvis kraftig nedgang i maskinreparasjon og -installasjon.

Tolvmånadsendring: Høgt fall i Noreg og vekst i eurosona i oktober 2015

Frå oktober 2014 til oktober 2015 gjekk norsk industriproduksjon ned 8,4 prosent, ifølgje kalenderjusterte tal. Bygging av skip og oljeplattformer bidrog saman med maskinindustrien mest til nedgangen. Estimerte tal frå Eurostat, statistikkontoret i EU, viser at industriproduksjonen i land i eurosona auka med 2,2 prosent i den same perioden.

Tremånadsendring: Beskjeden nedgang i den samla produksjonsindeksen (PII)

Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning samla (PII) gjekk ned med 0,6 prosent i perioden september–november 2015 samanlikna med den føregåande tremånadsperioden, ifølgje sesongjusterte tal. Utvinninga av råolje gjekk opp 0,7 prosent, medan produksjon av naturgass gjekk ned 2,9 prosent. Det er nedgangen i naturgassproduksjonen som veg mest i fallet i PII i perioden. For fleire detaljar om olje- og gassproduksjonen i november 2015 sjå pressemelding frå Oljedirektoratet.

Innanfor utvinningstenester var det ein nedgang i produksjonen i perioden september–november 2015 på heile 7,8 prosent. Verksemdene innanfor denne næringa leverer tenester til olje- og gassektoren, og produksjonsnedgangen har samanheng med den låge investeringsaktiviteten innanfor denne sektoren.

Sesongjusterte tal viser at norsk kraftforsyning hadde ein liten nedgang i produksjonen på 0,4 prosent i perioden september-november 2015 samanlikna med den føregåande tremånadsperioden, medan produksjonen i bergverksdrift fell med 8,2 prosent.

Tal for utvinningstenester finst no i statistikkbankenÅpne og lesLukk

Frå og med publiseringa for oktober 2015 vil tal for utvinningstenester bli publiserte. Utvinningstenester er i samsvar med SN 2007 grupperte under næringshovudområdet B Bergverksdrift og utvinning. Verksemda innanfor næringa leverer mellom anna tenester knyta til boring av leite-, avgrensings- og produksjonsbrønnar, og andre tenester knytte til aktivitet offshore – slik som mellom anna installering av flytande og faste konstruksjonar over og under havflata. Tidsserien er frå og med år 2010. Næringa har alltid vore inkludert i aggregatet Utvinning og utvinningstenester, men no vil tidsserien òg bli publisert med eigne tal i statistikkbanken og tabellar.