204523
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
204523
Mindre bensin, litt meir diesel
statistikk
2015-06-15T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I mai 2015 ble det solgt 748 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktmai 2015, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre bensin, litt meir diesel

Salet av bensin har blitt redusert og salet av diesel har auka dei siste åra. Trenden fortsetter i mai, men det auka dieselsalet ser ut til å bremsa opp.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Mai 2015Mai 2014Endring i prosent
Mai 2014 - Mai 2015
Samla sal av petroleumsprodukt7486908,4
Bilbensin104111-6,3
Bilbensin, pris14,015,0-6,9
Autodiesel3153140,3
Autodiesel, pris12,013,2-8,7
"Figur 1. Priser på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt 315 millionar liter diesel i mai. Dette er om lag ein million liter meir enn i den same månaden året før. Tidligare i år har auken vært på mellom 8 og 16 millionar liter når ein samanliknar mot salet i same månad året før. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,03 kroner i mai 2015, som er 1,15 kroner mindre enn i mai året før og 64 øre mindre enn i april i år. Salet av diesel utgjorde om lag 42 prosent av det totale petroleumssalet.

Maisalet av bensin utgjorde 104 millionar liter, som inneber ein nedgang på 7 millionar liter frå mai året før. Ein liter bensin kosta i gjennomsnitt 13,99 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 1,04 kroner frå mai 2014 og ein reduksjon på 29 øre frå april til mai i år.

Det var til saman selt 748 millionar liter petroleumsprodukt i mai i år.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB