148655
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148655
Samla petroleumssal uendra
statistikk
2015-01-19T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarOlje og gass, Varehandel, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I desember 2014 ble det solgt 697 millioner liter petroleumsprodukter.

Sal av petroleumsproduktdesember 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Samla petroleumssal uendra

Det totale salet av petroleumsprodukt enda på 697 millionar liter i desember 2014, det same som i desember 2013. Dieselsalet steig, men salet av bensin vart redusert.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Desember 2014Desember 2013Endring i prosent
Desember 2013 - Desember 2014
Samla sal av petroleumsprodukt6976970,0
Bilbensin9699-3,0
Bilbensin, pris13,714,7-6,5
Autodiesel3193131,9
Autodiesel, pris12,613,3-5,8
Figur 1. Prisar på fyringsolje, bilbensin og autodiesel

Det vart selt 319 millionar liter diesel i desember. Dette er 6 millionar liter meir enn i den same månaden året før. Gjennomsnittsprisen på ein liter diesel var 12,57 kroner i desember 2014, som er 77 øre mindre enn i desember året før, og 42 øre mindre enn gjennomsnittsprisen var i november 2014. Salet av diesel utgjorde om lag 46 prosent av det totale petroleumssalet.

Desembersalet av bilbensin utgjorde 96 millionar liter, som inneber ein nedgang på 3 millionar liter frå desember året før. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 13,72 kroner. Dette svarar til ein prisreduksjon på 96 øre frå desember 2013 og er eit prisfall på 76 øre frå november til desember i 2014.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB