148669_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
148669
Redusert sal av petroleumsprodukt
statistikk
2014-07-16T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false
Statistikken viser priser og salg av ulike petroleumsprodukt fordelt på kjøpegrupper per måned. I juni 2014 ble det totale salget redusert med 8,6 prosent.

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffjuni 2014, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Redusert sal av petroleumsprodukt

Det samla salet av petroleumsprodukt enda på 763 millionar liter i juni i år. Dette er ein reduksjon på 8,6 prosent, eller 72 millionar liter, samanlikna med juni 2013. Salet av dei fleste petroleumsprodukta vart redusert, unntaka er diesel og parafin.

Sal og prisar på petroleumsprodukt. Millioner liter og kroner. Førebelse tal
Juni 2014Juni 2013Endring i prosent
Juni 2013 - Juni 2014
Samla sal av petroleumsprodukt763835-8,6
Bilbensin119122-2,5
Bilbensin, pris15,014,62,5
Autodiesel3363195,3
Autodiesel, pris13,012,91,1

Det vart selt 336 millionar liter diesel i juni. Dette er ein auke på 5,3 prosent, eller 17 millionar liter, frå juni 2013. Gjennomsnittsprisen på ein liter autodiesel var 13,02 kroner, som er 14 øre meir enn i juni 2013. Frå mai til juni i år fall derimot gjennomsnittsprisen med 17 øre. Salet av diesel utgjorde 44 prosent av det totale petroleumsproduktsalet.

Junisalet av bilbensin enda på 119 millionar liter, som utgjer ein nedgang på 2,5 prosent, eller om lag 3 millionar liter, frå juni 2013. Ein liter bilbensin kosta i gjennomsnitt 14,97 kroner. Dette svarar til ein prisvekst på 36 øre frå juni i fjor, men samstundes eit prisfall på 7 øre frå mai til juni.

Meir jetparafin selt

Det vart selt 110 millionar liter parafinprodukt i juni. Av dette var 107 millionar liter jetparafin og 3 millionar liter fyringsparafin. Salet av jetparafin auka med om lag 8 millionar liter frå juni 2013. I den same månaden enda salet av mellomdestillat på 144 millionar liter. Dette inneber ein reduksjon på 26,5 prosent. Av dette var 13,6 millionar liter lett fyringsolje, der salet vart redusert med 4,6 millionar liter. Ein liter fyringsolje kosta i gjennomsnitt 11,02 kroner. Dette er ein oppgang på 1,70 kroner frå juni 2013 og 8 øre meir enn i mai i år.

Samanlikna med juni 2013 vart salet av marine gassoljer redusert med om lag 43,5 millionar liter og enda på om lag 122 millionar liter.

Redusert sal i første halvår

I første halvår i år enda det samla salet av petroleumsprodukt på om lag 4 milliardar liter. Dette er 373 millionar liter, eller 8,4 prosent, mindre enn i det same tidsrommet 2013. I denne perioden vart salet av både diesel og bensin redusert, med respektive 12 og 37 millionar liter.