92769_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/petroleumsalg/maaned
92769
Auka sal i april
statistikk
2013-05-24T10:00:00.000Z
Energi og industri;Varehandel og tjenesteyting
no
petroleumsalg, Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoff, bensin, diesel, parafin, fyringsoljer, jetdrivstoff, marine gassoljer, smørjemiddel, kjøpargrupper (for eksempel transport, bustader, industri), bensinprisarVarehandel, Olje og gass, Energi og industri, Varehandel og tjenesteyting
false

Sal av petroleumsprodukt og flytande biodrivstoffapril 2013, førebelse tal

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka sal i april

Salet av petroleumsprodukt auka med 10,3 prosent frå april 2012 til april 2013, og enda på 768 millionar liter.

Salg og priser på petroleumsprodukt, millioner liter og kroner
April 2013April 2012Endring i prosent
April 2012 - April 2013
Samlet salg av petroleumsprodukt76869610,3
Bilbensin106113-6,2
Bilbensin, pris14,515,5-6,1
Autodiesel30526316,0
Autodiesel, pris12,713,6-6,7
Sal av petroleumsprodukt. April 2000-2013. Millionar liter

Ein medverkande årsak til det auka salet i år kan vere at påsken i fjor var i april, medan den i år var i mars. Dermed var det tre fleire yrkedagar i april 2013 enn i 2012.

Salet av autodiesel auka med 16 prosent, og enda på 305 millionar selte liter i april i år, om lag 42 millionar liter meir enn i april 2012. Samstundes har prisen på autodiesel blitt redusert med 6,7 prosent. I april kosta ein liter i gjennomsnitt 12,72 kroner, medan den i april 2012 kosta 13,63 kroner. Salet av autodiesel stod for 39,7 prosent av det totale salet av petroleumsprodukt.

Salet av bilbensin enda på 106 millionar liter i april i år, ein reduksjon på 6,2 prosent, eller om lag 7 millionar liter. Prisen på bilbensin vart redusert med om lag 6 prosent i denne perioden, frå 15,45 kroner i april i fjor til 14,51 kroner i april i år.