1. Årleg statistikk
Om lag fem-seks ukar før data skal være hos SSB mottar oljeføretaka som er pålagt å rapportere eit brev. Oppgåveplikt i henhald
til Statistikklova nyttas for å sikre at data kjem inn til rett tid. I brevet blir føretaka bedt om å senda inn ein datafil
og ein beskriving av korleis denne datafilen skal sjå ut og innan ein gitt frist. Data frå oljeføretaka blir sendt til SSB
som excelfiler. Excelfilene som SSB mottar skal innehalde desse variablane for kvart enkelt sal oljeføretaka har i referanseåret
- Organisasjonsnummer, foretaksnummeret til selskapet som sendar inn data
- Produktnummer, kvart petroleumsprodukt har ulikt produktnummer
- Kjøpegruppenummer, identitet som nyttas i månadleg statistikk for sluttbrukar av petroleumsprodukt
- Fylkesnummer
- Månad
- Årstal
- Sum selt i liter
- Organisasjonsnummer til fakturamottakar på verksemdsnivå
- Offisielt namn på fakturamottakar
- Organisasjonsnummer til mottakar av varen på verksemdsnivå
- Namn på mottakar av varen
- Adresse til mottakar
- Postnummer for varelevering
- Poststed for levering
Data frå føretaka blir lagra lokalt og blir lest inn i SAS EG med eigne rutinar for kvart føretak på grunn av ulik formatering.
Data som er lese inn blir kopla til Verksemds- og føretaksregisteret (VOF) via det oppgitte organisasjonsnummeret. I VOF er
kvar verksemd kopla opp mot ein næring, basert på Standard for næringsgruppering 2007 (SN 2007). Observasjonane frå oljeføretaka
kopla til næringar frå SN 2007 fortel kor sluttforbruket av petroleumsprodukta har funne sted.
I mange tilfelle er ikkje denne koplinga mellom organisasjonsnummer og næring mulig; der det er oppgitt ugyldig organisasjonsnummer
som ikkje gir treff i VOF og der organisasjonsnummer ikkje er oppgitt. For disse kan ein nytta namn på faktura for å finne
gyldig organisasjonsnummer og dermed få koplet på næring via VOF. Ein anna mulegheit er å nytta kjøpegruppe for å identifisere
sluttbruken av petroleumsprodukt i disse tilfella. Dette er en identifikasjon som nyttas i månadleg sal av petroleumsprodukt
og som er kjent for oljeføretakta. Problemet med å nytta kjøpegrupper er at den gir mindre detaljert inndeling av sluttbruken
av petroleumsprodukt enn det SN 2007 gjør.
Sal henta frå statistikk for utenrikshandel er registrert med organisasjonsnummer og kan næringsplasseras via VOF og SN 2007.
For å unngå dobbeltrapportering av tal blir føretak som rapporterarar direkte til SSB tatt ut frå tal henta frå utanrikshandel.
Ulogiske samanhengar og data med ufullstendig data blir flagga og gjennomgått. Dette kan være feil som usannsynleg næringsplassering
av eit organisasjonsnummer eller at det har plassert sal av petroleumsprodukt i ein næring der forbruk ikkje er sannsynleg.
For noen endringar er det lagt inn regler i SAS EG som retter opp disse automatisk. Andre endringar blir retta manuelt.
I ein del tilfelle viser det seg at opplysningane for kjøpegrupper gir eit betre bilete for sluttbruk av petroleumsprodukt
enn det koplinga til VOF og SN2007 gjer. Statistikken for årleg sal av petroleumsprodukt nytter dermed en kombinasjon av kjøpegruppeinndeling
oppgitt av oljeføretaka og næringsinndeling frå SN 2007 via kopling frå VOF for å beskriva sluttforbruk av petroleumsprodukt
i Noreg.
I mange tilfelle opplyser oljeføretaka at de sel petroleumsprodukt til kundar som er vidareforhandlarar. Næringa «vidareforhandlarar»
fortel lite om kor sluttbruken av petroleumsprodukta finn stad. Disse kundane sel petroleumsprodukt vidare utan at SSB har
noen informasjon om sluttbrukar av disse produkta. Det er derfor blitt utarbeida fordelingsnøkkel for vidare fordeling av
dette salet, bortsett frå sal til bensinstasjonar. Sal til bensinstasjonar blir plassert i egen næring. Fordelingsnøkkelen
for sal til vidareforhandlarar utanom bensinstasjonar bygger på korleis salet har fordelt seg utanom vidareforhandlarar.
Ulike petroleumsprodukt kan ha same eigenskapar og kan nyttas om kvarandre. Viss ein stor forbrukar av eit petroleumsprodukt
vel å bytta over til eit anna produkt, kan dette gi eit synleg skifte i statistikken, ved at salet av eit produkt kan bli
betydelig redusert eller auka frå eit år til neste år.
Eit anna tilfelle der ein kan sjå endringar i statistikken er viss ein stor verksamd har endra næring. Viss ein verksamd forbrukar
store mengder av eit visst produkt og skifter næring, kan forbruket forskyva seg synleg frå ei næring til ei anna.
2. Månadleg statistikk
For denne statistikken vert det innhenta opplysningar for:
- Organisasjonsnummer
- Produktnummer
- Kjøpegruppenummer
- Fylkesnummer
- Månad
- Årstal
- Sum selt i liter
Det hentas også inn eigne tal frå utanrikshandel, som er mindre detaljerte. Dei er ikkje inndelt på selskap, fylke eller kjøpegruppe,
men på selte sliter per petroleumsprodukt.
Oljeføretaka sender tal til SSB med frist den 6. arbeidsdagen etter referansemånaden. Data kommer som excelfilar og blir lasta
inn i en Oracle database. Det blir gjort fortløpande revisjonar på månadlege data. Revisjonar blir gjort når oljeføretaka
sender inn nye data. Det kan bli gjort revisjonar på oppfordring frå oljeføretaka som har funne feil i sine tal, eller ved
at SSB gir uttrykk for at det må ha funne stad feilrapporteringar.