8407
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8407
Ventar lågare investeringar i industrien
statistikk
2008-12-02T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2008

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ventar lågare investeringar i industrien

Samla investeringar i industrien er venta å bli lågare i 2009 enn i inneverande år, men nivået ligg framleis an til å bli ganske høgt historisk sett.

Investeringsanslag 1989-2008 registrert i 4. kvartal same år. Millionar løpande kroner

Førebelse tal for 2008 syner at samla investeringar i industri, bergverksdrift og kraftforsyning vil liggje på om lag 49,7 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette gir ein auke på 22 prosent samanlikna med tilsvarande tal for i fjor. Tala for 2009 syner ein moderat nedgang i investeringane. Avslutning av nokre store prosjekt i industrien er ei medverkande årsak til denne utviklinga.

Høge investeringar i oljeraffinering og solcellerelatert verksemd

Tala for 2008 syner at samla investeringar i industrien vil liggje på om lag 33,4 milliardar kroner, målt i løpande prisar. Resultatet er 23 prosent høgare enn tilsvarande tal for 2007 og om lag uendra frå august-undersøkinga. Bygging av nye fabrikkanlegg og omfattande oppgraderingar innanfor oljeraffinering og solcellerelatert verksemd er hovudårsaka til dette. Omstruktureringar i nærings- og nytingsmiddelindustrien medverkar også til å trekkje opp tala. Andre næringar med merkbar auke i investeringane er metallindustri og trelast- og trevareindustri. Eit stort prosjekt i mineralproduktindustrien blei avslutta i 2007. Dette gir eit kraftig fall i investeringane for denne næringa. Treforedlingsindustrien melder også om merkbar nedgang i investeringane.

Resultata for 2009 er 10 prosent lågare enn tilsvarande tal for i år. Avslutning av fleire store prosjekt innanfor solcellerelatert verksemd er ei viktig årsak til dette. Andre næringar som ventar nedgang i investeringane er nærings- og nytingsmiddelindustri, metallvareindustri og maskinvareindustri. Eit nytt stort prosjekt innanfor gjenvinning er med på å trekkje opp tala for annan industri.

Tala for investeringar i bergverksdrift i 2009 er kraftig nedjusterte frå august-undersøkinga. Vedtak om utsetjing av eit nytt stort prosjekt er ei medverkande årsak til dette. Førebelse tal for 2008 syner at samla investeringar i inneverande år vil liggje på i overkant av 1 milliard kroner.

Ventar auka investeringar i kraftforsyning

Førebelse tal for kraftforsyning syner at samla investeringar i 2008 vil liggje på om lag 15,4 milliardar kroner, målt i løpande prisar. Dette er gir ein auke på 20 prosent samanlikna med tilsvarande tal for i fjor. Tala for 2009 syner ein ytterlegare oppgang i investeringane. Fleire store prosjekt knytt til produksjon av fjernvarme medverkar til å trekkje opp tala.

Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner
  Pårekna 2007,
registrert i 4. kvartal 2006
Pårekna 2008,
registrert i 4. kvartal 2007
Pårekna 2009,
registrert i 4. kvartal 2008
Utført og pårekna 2007,
registrert i 4. kvartal 2007
Utført og pårekna 2008,
registrert i 3. kvartal 2008
Utført og pårekna 2008,
registrert i 4. kvartal 2008
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 32 437 41 765 40 448 40 692 50 114 49 736
Bergverksdrift  366  394  367  682 1 073 1 031
Industri 20 228 27 951 25 275 27 153 33 472 33 339
Kraftforsyning 11 843 13 421 14 806 12 856 15 568 15 366

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB