8341
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8341
Venter auke i samla investeringar
statistikk
2005-12-02T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2005

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Venter auke i samla investeringar

2006-tala tyder på at samla investeringsnivå innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning vil bli merkbart høgare enn i 2005. Forventning om auka investeringar innanfor både industri og kraftforsyning er årsak til dette.

Samla investeringar innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2005 ligg an til å bli i underkant av 29 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er 7 prosent over tilsvarande tal for 2004. Høgare investeringsnivå i industrien er viktigaste årsak til auken. 2006-overslaget er heile 22 prosent over tilsvarande tal for 2005. Forventning om merkbar auke i investeringar innanfor både industri og kraftforsyning er årsak til dette.

Industrien stadfester auka investeringar i 2005

Samla investeringar innanfor industrien i 2005 ligg an til å bli om lag 19 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er 9 prosent over tilsvarande tal for 2004. Fleire store prosjekt innanfor næringa kjemiske råvarer er viktigaste årsak til denne utviklinga. Auka investeringar innanfor næringsmiddelindustri og mineralproduktindustri medverkar også til å trekkje opp tala. Næringane metallvareindustri og ikkje-jernhaldige metall melder om lågare investeringsnivå enn i 2004.

2006-overslaget for industrien er no på om lag 18 milliardar kroner. Dette er heile 20 prosent over tilsvarande tal for inneverande år. Det er venta merkbar auke i investeringar innanfor næringane ikkje-jernhaldige metall, maskinindustri samt oljeraffinering og kjemisk industri. Tala for treforedling og mineralproduktindustri er også vesentleg høgare enn tilsvarande overslag for 2005. Næringsmiddelindustrien venter eit noko lågare investeringsnivå neste år.

Samla investeringar innanfor bergverksdrift i 2005 ligg an til å bli om lag 800 millionar kroner - målt i løpande prisar. Dette er 25 prosent over tilsvarande tal for 2004.

Venter auka investeringar i kraftforsyning

Samla investeringar innanfor kraftforsyning i 2005 ligg an til å bli om lag 9 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er 2 prosent over tilsvarande tal for 2004. 2006-overslaget er heile 26 prosent over tilsvarande tal for inneverande år. Forventning om brei auke i nyinvesteringar innanfor næringa kombinert med nokre store prosjekt er årsak til dette.

Utførte og antatte investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpende kroner
  Antatt 2004, registrert i 4. kv. 2003 Antatt 2005, registrert i 4. kv. 2004 Antatt 2006, registrert i 4. kv. 2005 Utført og antatt 2004, registrert i 4. kv. 2004 Utført og antatt 2005, registrert i 3. kv. 2005 Utført og antatt 2005, registrert i 4. kv. 2005
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 23 606 23 111 28 184 26 871 29 319 28 696
Bergverksdrift  347  246  269  616  787  769
Industri 16 114 15 011 18 002 17 482 19 274 18 968
Kraftforsyning 7 145 7 854 9 913 8 772 9 259 8 959

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB