8349
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8349
Ventar auka aktivitet i kraftforsyning
statistikk
2004-12-02T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2004

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ventar auka aktivitet i kraftforsyning

Tala for 2005 tyder på at samla investeringar innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning vil halde seg på om lag same nivå som i 2004. Auka investeringar i kraftforsyning veg opp for lågare aktivitet i industrien.

Samla investeringar innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2004 ligg an til å bli om lag 26,9 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er 9 prosent over tilsvarande tal for 2003. Høgare investeringsnivå innanfor industri og kraftforsyning er hovudårsak til auken. Overslaget for 2005 er 2 prosent lågare enn tilsvarande tal for 2004. Forventning om auka investeringar i kraftforsyning medverkar til å halde oppe nivået.

Industrien stadfestar auka investeringar i 2004

Samla investeringar i industrien i 2004 ligg an til å bli om lag 17,5 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er ein auke på 5 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2003. Fleire store prosjekt innanfor oljeraffinering og kjemisk industri er hovudårsak til den positive utviklinga. Auka investeringar i næringane forlag og grafisk industri samt metallvareindustri medverkar òg til å trekkje opp tala. Næringane oljeplattformer og produksjon av ikkje-jernhaldige metall melder derimot om lågare investeringsaktivitet enn i 2003.

Overslaget for 2005 er no på om lag 15 milliardar kroner. Dette er 7 prosent lågare enn tilsvarande tal for inneverande år. Det er venta ei halvering av investeringar innanfor næringane oljeplattformer og produksjon av ikkje-jernhaldige metall. Nedgangen for ikkje-jernhaldige metall må sjåast i samanheng med eit uvanleg høgt investeringsnivå dei siste åra. Talet for oljeraffinering og kjemiske produkt er òg merkbart lågare enn tilsvarande estimat for inneverande år. Næringane næringsmiddelindustri, maskinindustri samt forlag og grafisk industri ventar auka investeringar i 2005.

Samla investeringar innanfor bergverksdrift ligg an til å bli i overkant av 600 millionar kroner i 2004.

Høg aktivitet i kraftforsyning

Samla investeringar innanfor kraftforsyning i 2004 ligg an til å bli om lag 8,8 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er heile 14 prosent over tilsvarande tal for 2003, men noko lågare enn talet frå augustundersøkinga. Overslaget for 2005 er 10 prosent høgare enn tilsvarande tal for 2004.

Utførde og antatte investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner
  Antatt 2003 Antatt 2004 Antatt 2005 Utført og antatt 2003 Utført og antatt 2004
  Registrert i 4. kv. 2002 Registrert i 4. kv. 2003 Registrert i 4. kv. 2004 Registrert i 4. kv. 2003 Registrert i 3. kv. 2004 Registrert i 4. kv. 2004
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 23 330 23 606 23 111 24 740 27 412 26 871
Bergverksdrift  431  347  246  439  727  616
Industri 16 759 16 114 15 011 16 639 17 620 17 482
Kraftforsyning 6 140 7 145 7 854 7 662 9 065 8 772

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB