8357
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8357
Ventar høg aktivitet i kraftforsyning
statistikk
2003-12-02T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2003

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ventar høg aktivitet i kraftforsyning

Summen av pårekna investeringar innafor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2004 er om lag den same som for 2003 - registrert på same tid i fjor. Auka vilje til investering innafor kraftforsyning medverkar til å halde nivået oppe.

Samla nivå på investeringar innafor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2003 ligg til rette for å bli om lag 19,5 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er 8 prosent under tilsvarande tal registrert i 2002. Auka investeringar innafor kraftforsyning veg til ein viss grad opp for redusert aktivitet i industrien. Overslaga for investeringar i 2004 har auka merkbart frå augustundersøkinga og er no på same nivå som tilsvarande tal for 2003.

Industrien stadfester moderat nivå på investeringar i 2003

Samla investeringar innafor industrien ser ut til å bli i underkant av 13 milliardar kroner i 2003 og er dermed om lag på nivået frå 2000. Dette er ein nedgang på 18 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2002. Ferdigstilling av fleire store prosjekt i næringa produksjon av ikkje-jernhaldige metall er hovudårsak til denne utviklinga. Lågare nivå på investeringar innafor transportmiddelindustri samt oljeraffinering og kjemiske produkt medverkar òg til å trekkje ned tala. Investeringar innafor trelast- og trevareindustri samt elektroteknisk og optisk industri ser ut til å bli merkbart høgare enn i fjor.

Overslaga for 2004 har auka med 16 prosent frå augustundersøkinga og er no på 12,5 milliardar kroner. Dette er noko lågare enn tilsvarande tal for inneverande år. Det er venta sterk nedgang i investeringar innafor næringane næringsmiddelindustri, produksjon av ikkje-jernhaldige metall samt elektroteknisk og optisk industri. Eit par store prosjekt medverkar til høge tal for næringa oljeraffinering og kjemiske produkt.

Investeringar innafor bergverksdrift er venta å bli noko høgare enn i 2002. Overslaga for 2004 tyder ikkje på at denne utviklinga vil fortsette.

Høg aktivitet i kraftforsyning

Samla nivå på investeringar innafor kraftforsyning ser ut til å bli om lag 6,3 milliardar kroner i 2003. Dette er det høgaste resultatet som er registrert sidan 1989. Fleire store prosjekt medverkar til å trekkje opp resultatet. Overslaga for 2004 har auka merkbart frå augustundersøkinga og er 15 prosent høgare enn tilsvarande tal for inneverande år. Dette må kunne tolkast som eit signal om ytterlegare auke i investeringane neste år.

Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverk og kraftforsyning. Millionar løpande kroner
  Pårekna 2002 Pårekna 2003 Pårekna 2004 Utført og pårekna 2002 Utført og pårekna 2003 Utført og pårekna 2003
Registrert i
4. kvartal 2001
Registrert i 4. kvartal 2002 Registrert i 4. kvartal 2003 Registrert i 4. kvartal 2002 Registrert i 3. kvartal 2003 Registrert i 4. kvartal 2003
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 20 362 18 611 18 700 21 133 20 034 19 449
Bergverksdrift  236  320  225  240  297  278
Industri 14 363 13 074 12 500 15 730 13 214 12 882
Kraftforsyning 5 763 5 217 5 975 5 163 6 524 6 289

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB