8365_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8365
Ventar høge investeringar også i 2003
statistikk
2002-12-02T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2002

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Ventar høge investeringar også i 2003

Summen av pårekna investeringar innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2003 er noko lågare enn tala for 2002 - gitt på same tid i fjor. Samla investeringar for inneverande år ser ut til å bli litt i underkant av kva overslaga frå førre kvartal la til grunn.

Samla investeringar innanfor industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2002 ligg an til å bli om lag 21,1 milliardar kroner - målt i løpande prisar. Dette er ein liten nedgang i frå undersøkinga i august, men merkbart over nivået for tilsvarande periode i 2001. Nokre store prosjekt innanfor industri og kraftforsyning medverkar i sterk grad til det høge resultatet.

Overslaga for 2003 har auka med 13 prosent frå augustundersøkinga, men er likevel under tilsvarande tal for 2002. Det samla beløpet er no om lag 18,6 milliardar kroner, som er eit relativt høgt tal historisk sett.

Industri og bergverksdrift: Høgaste investeringsnivå på fleire år

Samla investeringar innanfor industrien i 2002 ser ut til å bli om lag 15,7 milliardar kroner. Dette er det høgaste nivået som er registrert sidan perioden 1996-1998 og 7 prosent meir enn for tilsvarande tal i 2001. Næringane produksjon av ikkje-jernhaldige metall samt oljeraffinering og kjemisk industri medverkar i sterk grad til denne utviklinga. Avslutning av eit stort prosjekt innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien er hovudårsak til den store nedgangen i venta investeringar for denne næringa.

Overslaga for 2003 har auka med 11 prosent frå augustundersøkinga og er no på om lag 13,1 milliardar kroner. Dette er merkbart lågare enn tilsvarande tal for 2002, men eit ganske ordinært nivå historisk sett. Fullføring av enkelte store prosjekt innanfor næringsmiddelindustri, produksjon av ikkje-jernhaldige metall samt oljeraffinering og kjemisk industri medverkar i sterk grad til å trekkje ned nivået. Næringane treforedling samt elektroteknisk og optisk industri ventar moderat auke i samla investeringar.

Venta investeringar innanfor bergverksdrift i 2002 er heile 63 prosent lågare enn på same tid i fjor. Dette må sjåast i samanheng med eit stort prosjekt som no er fullført. Overslaga for 2003 er merkbart høgare enn tilsvarande tal for inneverande år.

Kraftforsyning: Om lag uendra overslag for 2002

Pårekna investeringar innanfor kraftforsyning i 2002 er om lag 5,2 milliardar kroner, som er det høgaste resultatet sidan byrjinga på 1990-talet. Det relativt høge talet kjem som ei følgje av fleire større prosjekt innanfor næringa. Overslaga for 2003 har auka med 20 prosent frå undersøkinga i august, men er likevel 9 prosent lågare enn tilsvarande tal i 2002.

Utførte og antatte investeringar i alt i industri, bergverksdrift og kraftforsyning. Millionar løpande kroner
  Antatt Utført og antatt
  2001
Registrert i 4. kvartal 2000
2002
Registrert i 4. kvartal 2001
2003
Registrert i 4. kvartal 2002
2001
Registrert i 4. kvartal 2001
2002
Registrert i 3. kvartal 2002
2002
Registrert i 4. kvartal 2002
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 16 714 20 362 18 611 19 649 21 383 21 133
Bergverksdrift  398  236  320  651  291  240
Industri 12 415 14 363 13 074 14 697 15 987 15 730
Kraftforsyning 3 901 5 763 5 217 4 301 5 105 5 163