8373_not-searchable
/energi-og-industri/statistikker/kis/arkiv
8373
Høge overslag for investeringar i 2002
statistikk
2001-12-03T10:00:00.000Z
Energi og industri;Energi og industri
no
kis, Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning, antatte investeringer, utførte investeringer, investeringsnivå, investeringsanslagEnergi, Industri og bergverksdrift, Energi og industri
false

Investeringer i olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning4. kvartal 2001

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Høge overslag for investeringar i 2002

Overslaga for investeringane innanfor industrien, bergverksdrifta og kraftforsyninga i 2002 er klart høgare enn tala for inneverande år, gitt på same tid i fjor. Samla investeringar i 2001 ser ut til å bli noko lågare enn det resultata frå førre kvartal la til grunn.

Samla investeringar innanfor industrien, bergverksdrifta og kraftforsyninga ser ut til å bli om lag 19,6 milliardar kroner i 2001. Dette er ein nedgang på 4 prosent frå 3. kvartal som i hovudsak kjem av ei nedjustering av tala for kraftforsyninga. Fleire store prosjekt i metallindustrien medverkar til at samla investeringar i 2001 har auka med om lag 11 prosent samanlikna med tala for 2000 gitt i 4. kvartal i fjor.

Venta nivå på investeringane i 2002 er opp 10 prosent frå 3. til 4. kvartal og er no på om lag 20,4 milliardar kroner. Auken er hovudsakleg relatert til investeringar innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien samt kraftforsyninga, medan tala for metallindustrien og treforedlingsindustrien er justert noko ned. Venta investeringar for 2002 er om lag 22 prosent høgare enn overslaga for 2001, gitt på same tidspunkt i fjor.

Høge investeringar i metallindustrien

Overslaga for industrien tyder på samla investeringar på om lag 14,7 milliardar kroner i 2001. Dette er 2 prosent lågare enn i førre kvartal, men framleis det høgaste nivået sidan 1998. Endring i verdi er størst i nærings- og nytingsmiddelindustrien som er ned med om lag 274 millionar kroner. Investeringar for 2001 innanfor ikkje-jernhaldige metall er opp heile 121 prosent samanlikna med tilsvarande tal for 2000 og held seg dermed på det høge nivået frå førre kvartal. Samla sett er dei pårekna investeringane for 2001 om lag 12 prosent høgare enn tilsvarande tal for 2000.

Industrien melder om ein auke i forventa nivå på investeringar i 2002. Dette talet er om lag 16 prosent høgare enn overslaga for 2001, i same periode i fjor. Hovudsakleg er det metallindustrien, næringsmiddelindustrien samt oljeraffineringa og den kjemiske industrien som trekkjer opp tala. Forlag og grafisk industri syner ein nedgang i same periode.

Pårekna investeringar for 2001 innanfor bergverksdrift er 28 prosent over dei som vart gitt for 2000 på same tidspunkt i fjor. Mykje av auken kjem av eit stor prosjekt som blir ferdigstilt i år. Overslaga for 2002 er 41 prosent under dei som vart gitt for 2001 for eit år sidan.

Uvisse knytt til gjennomføring av store prosjekt innanfor kraftforsyninga

Samla investeringar innanfor kraftforsyninga i 2001 ser ut til å bli om lag 4,3 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 10 prosent frå førre kvartal og kjem av at enkelte store prosjekt har vorte utsette. Overslaga for 2002 viser ein auke på heile 48 prosent samanlikna med tala for 2001 gitt på same tid i fjor - men det er knytt svært stor uvisse til fleire av dei store prosjekta.

Utførte og pårekna investeringar i alt i industri, bergverk og kraftforsyning. Millionar løpande kroner
  Pårekna 2000 Pårekna 2001 Pårekna 2002 Utført og pårekna 2000 Utført og pårekna 2001 Utført og pårekna 2001
  Registrert i 4. kv. 1999 Registrert i 4. kv. 2000 Registrert i 4. kv. 2001 Registrert i 4. kv 2000 Registrert i 3. kv. 2001 Registrert i 4. kv. 2001
Industri, bergverksdrift og kraftforsyning 15 626 16 714 20 362 17 723 20 429 19 649
             
Bergverksdrift 290 398 236 509 609 651
             
Industri 12 072 12 415 14 363 13 106 15 068 14 697
             
Kraftforsyning 3 264 3 901 5 763 4 108 4 753 4 301