Me vart 39 400 fleire i 2019

Publisert:

Ved inngangen til 2020 budde det 5 367 580 personar i Noreg. Dermed auka folketalet med 39 400 i  2019, sjølv om det gjekk ned i 235 av 422 kommunar.

Stabile innvandringstal, færre fødde, ei aldrande befolkning og ei lang rekkje kommunar med minkande folketal. Det er nokre av tendensane som syner seg i dei nye års- og kvartalstala frå statistikken Befolkning, kor SSB for første gong publiserer befolkningsstatistikk for ei mengd nye kommunar.

Folketal i nye kommunar: Slik finn du berekna folketal i dei nye kommunane bakover i tid

Stabile innvandringstal og færre fødde

Etter at talet på innvandringar var rekordhøge 79 500 i 2011, sokk det raskt dei neste åra. I 2018 låg det på 52 500, før det enda på 52 200 i 2019. Ein så liten nedgang i innvandringar har vore sjeldsynt sidan 2011 – i denne perioden er det heller årlege nedgangar på fleire tusen som har vore normalen.

Nettoinnvandringa for 2019 var på 25 300, ein stor auke frå 18 100 året før, men mykje av denne auken skuldast spesielle tilhøve kring registreringa av utvandringar i 2019. Desse gav færre registrerte utvandringar enn kva som normalt ville vore tilfellet – sjå infoboks nedst i artikkelen.

Eit anna tal som har minka dei siste åra, er talet på fødde. Toppåret etter tusenårsskiftet er 2009, då det vart registrert 61 800 fødde. Talet for 2019 var 54 500, noko som gav eit fødselsoverskot på 13 800. Denne utviklinga har SSB skrive meir utførleg om i ein analyseartikkel, og detaljert føddestatistikk for 2019 kjem 11. mars.

Figur 1

Figur 1. Nettoinnvandring, fødselsoverskot og folkevekst 1970-2019

Gjennomsnittsalderen vidare opp

1. januar 2020 var gjennomsnittsalderen for den norske befolkninga 40,5 år, ein auke på 0,23 frå 1. januar 2019. På to år har gjennomsnittsalderen auka med nesten eit halvt år (0,46), og sidan 1971 er auken på nøyaktig fem år.

Figur 2. Gjennomsnittsalder. 1971-2020

År Gjennomsnittsalder
1971 35.51
1972 35.55
1973 35.60
1974 35.68
1975 35.78
1976 35.90
1977 36.05
1978 36.22
1979 36.38
1980 36.54
1981 36.70
1982 36.85
1983 37.00
1984 37.16
1985 37.31
1986 37.44
1987 37.55
1988 37.63
1989 37.67
1990 37.74
1991 37.77
1992 37.81
1993 37.85
1994 37.86
1995 37.93
1996 37.98
1997 38.04
1998 38.10
1999 38.17
2000 38.20
2001 38.28
2002 38.38
2003 38.46
2004 38.57
2005 38.69
2006 38.81
2007 38.91
2008 38.98
2009 39.03
2010 39.09
2011 39.15
2012 39.24
2013 39.31
2014 39.42
2015 39.56
2016 39.71
2017 39.86
2018 40.05
2019 40.28
2020 40.51

I løpet av 2019 vart det òg 5 000 færre born i alderen 0-5 år og 4 700 fleire personar på 80 år eller meir.

Figur 3. Befolkninga 1. januar, etter aldersgruppe. 1971-2020

År 0-5 år 6-12 år 13-15 år 16-19 år 20-44 år 45-66 år 67-79 år 80 år og over
1971 394122 432162 185606 240759 1196452 1009136 343345 86723
1972 394417 435849 185454 244168 1208271 1011479 349085 89050
1973 392672 441020 184638 246327 1225820 1011385 355071 91301
1974 388026 446481 183844 246614 1243415 1009856 360336 94418
1975 380947 452489 183572 247393 1262723 1006433 366298 97670
1976 369950 459233 183081 247469 1281881 1002233 371898 101356
1977 359256 461730 185128 245740 1303965 995469 378751 105163
1978 345392 462809 188630 245799 1325626 988629 384936 109387
1979 333176 461876 192947 245660 1349903 977889 390853 113830
1980 323374 457239 196763 246506 1373876 966289 397467 117386
1981 314907 451354 198206 250814 1397533 954490 403367 121669
1982 309827 441056 200145 255298 1422174 944069 409062 125432
1983 307932 427356 201619 260450 1445901 935375 413613 130265
1984 306993 413984 200407 264181 1468127 928130 417938 134593
1985 305744 400471 198825 266758 1491172 920285 424012 138578
1986 305669 388166 195647 269359 1515749 913924 428985 141688
1987 307112 378369 192616 268183 1543668 908466 431435 145672
1988 310916 370324 187238 268406 1570607 901114 440550 149133
1989 317646 366078 179535 265602 1592136 901645 445774 152270
1990 326451 363163 171895 258460 1598706 908868 449294 156279
1991 336648 362945 163293 254229 1602278 918718 452294 159425
1992 346423 362866 159036 246019 1604512 938002 453537 163239
1993 354492 364811 157448 235745 1609796 957102 452457 167316
1994 361332 368894 158335 226276 1614190 975037 451046 169705
1995 363999 375596 158007 218532 1617037 993453 448306 173480
1996 365145 383554 157892 214193 1616334 1011308 445030 176503
1997 364967 394331 156842 212467 1614206 1028451 441128 180322
1998 364007 405198 156599 212928 1610129 1047832 436493 184413
1999 362566 414815 156866 213381 1608964 1069027 431289 188421
2000 363539 423446 160173 212949 1609632 1091251 427485 190022
2001 362458 429370 163889 212674 1605850 1115495 416799 196901
2002 358563 432405 170128 213407 1599041 1140915 408148 201459
2003 353730 435762 177202 215714 1598643 1166058 400080 205063
2004 350556 435192 184525 220083 1593297 1190474 394144 209186
2005 349626 432856 188544 227335 1589361 1214707 390779 213155
2006 347815 432455 190203 235513 1590623 1237400 390334 215876
2007 348049 432602 189163 244387 1596946 1260240 391585 218162
2008 351164 430842 188723 252217 1615854 1284643 395134 218594
2009 357451 428010 189664 256305 1638836 1312372 396983 219631
2010 363597 425646 192099 258415 1656097 1337202 405121 220022
2011 368576 424638 192810 259309 1678123 1359812 415884 221153
2012 372428 424921 191488 259718 1703611 1379093 433018 221583
2013 375014 426509 190264 261666 1728068 1396542 451627 221585
2014 375744 428077 190040 262789 1744961 1408723 477962 220760
2015 373954 433578 188886 262481 1759513 1424649 502304 220437
2016 370121 441838 186284 262536 1769024 1439486 524671 220025
2017 366772 447901 185352 262705 1774275 1455310 545022 220980
2018 362601 451079 186608 260605 1776723 1471644 563607 222752
2019 356139 452818 188647 257853 1779999 1487062 579695 225999
2020 351159 451246 191130 255214 1789814 1501597 596710 230710

Her er det store variasjonar etter kva for kommune eller fylke ein ser på. Til dømes har Gjesdal kommune i Rogaland den lægste gjennomsnittsalderen i landet med 36,1 år. Det høgaste gjennomsnittet finn vi i Ibestad kommune i Troms og Finnmark; der er gjennomsnittsalderen 49,2 år, altså meir enn 13 år høgare enn i Gjesdal.

Av fylka er det Innlandet som har dei eldste innbyggjarane (47,3 år), medan Oslo har dei yngste (37,8 år).

Mange fylke og kommunar med minkande folketal

Også folkeveksten varierer mykje kringom i landet. Mellom anna hadde fem fylke og 235 kommunar lægre folketal på slutten av året enn i byrjinga. Av fylka gjeld dette Oppland, Sogn og Fjordane, og alle dei tre nordnorske fylka.

Blant kommunane med nedgang i folketalet finn me 21 av dei 26 kommunane i Oppland, og 74 av dei 87 nordnorske kommunane. I motsett ende av skalaen er Østfold, Vestfold og Akershus, som alle er fylke med folkevekst i meir enn åtte av ti kommunar.

Biletet er det same om ein ser på utviklinga i folketalet etter dei kommunegrensene som gjeld frå 1. januar 2020. Av dei 356 områda som utgjer dei nye kommunane, var det nedgang i folketalet i 205 av dei i 2019 – og oppgang i 148.

Innanlandsk flyttetap for Nord-Noreg og Vestlandet

Medan kvart einaste fylke i landet hadde positiv nettoinnvandring, var alle fylka på Vestlandet og i Nord-Noreg blant dei som gjekk i minus på innanlandske flyttingar.

I høve til folketalet var det Østfold og Akershus som hadde høgst netto innanlandsflytting med 5,8 og 6 per 1 000 innbyggjarar. Både Troms og Finnmark (her som to forskjellige fylke) hadde netto innanlandsk fråflytting på 9,2 per 1 000 innbyggjarar.

Figur 4. Nettoinnflytting i 2019. Innanlandsk og frå utlandet. Pr. 1 000 innbyggjarar

Nettoinnflytting, innanlandsk Nettoinnflytting frå utlandet
Østfold 5.83 2.56
Akershus 5.95 4.92
Oslo 1.13 8.89
Hedmark 1.62 3.31
Oppland -2.88 3.88
Buskerud 2.41 4.12
Vestfold 3.61 2.13
Telemark -2.14 3.35
Aust-Agder 1.31 3.15
Vest-Agder 0.59 3.74
Rogaland -1.53 5.43
Hordaland -1.09 4.21
Sogn og Fjordane -6.97 4.43
Møre og Romsdal -3.66 3.59
Trøndelag -1.13 5.26
Nordland -7.15 3.91
Troms Romsa -9.17 4.25
Finnmark Finnmarku -9.20 3.29
Heile landet 0.00 4.74

Færre små og fleire folkerike kommunar

Etter den nyss gjennomførte kommunereforma er talet på kommunar med meir enn 10 000 innbyggjarar uendra. Derimot finn me ein auke om me berre ser på kommunar med meir enn 100 000 innbyggjarar: I 2019 var det fem slike, men etter kommunereforma er det sju. Det er Kristiansand og Drammen som er dei to tilskota, etter samanslåingar med kringliggjande kommunar.

Blant dei mindre folkerike kommunane er biletet annleis. Rett nok finst framleis 21 kommunar med færre enn 1 000 innbyggjarar, men talet på kommunar med færre enn 10 000 innbyggjarar har sokke frå 309 til 243.

Figur 5. Kommunar 1. januar 2019 og 1. januar 2020 etter folketal

2019 2020
0 - 999 30 21
1000 - 4999 190 153
5000 - 9999 89 69
10000 -49999 97 94
50000 -99999 11 12
Over 100000 5 7

Kunstig låge utvandringstal i 2019

Me gjer merksam på at i 2019 gjekk talet på utvandringar etter vedtak i folkeregisteret mykje ned. Grunnen var arbeid med omorganisering på vårparten, og ein trong for å gå gjennom metodane på hausten. Om prosentdelen vedtaksutvandringar hadde vore den same i 2019 som i dei tre føregåande åra, ville det ha vore om lag 5 000 fleire utvandringar og tilsvarande færre busette ved utgangen av året. Det talet gjeld berre ikkje-nordiske EØS-borgarar, og av dei er det om lag 1 700 polakkar og 870 litauarar. For norske, nordiske og tredjelandsborgarar er endringane i prosentdelen vedtak jamt over innafor det ein må rekne som naturlege svingingar. Dei manglande utvandringane ser ut for å fordele seg jamt over landet. I kvartalsstatistikken slår det sterkast ut i fjerde kvartal.

Kontakt