243071_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243071
Arbeidsløysa på 4,8 prosent
statistikk
2016-11-23T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,8 prosent i september 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,8 prosent

I september utgjorde dei arbeidslause 4,8 prosent av arbeidsstyrken. Arbeidsløysa er dermed uendra frå juni.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
September 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar135 0001 000
I prosent av arbeidsstyrken4,80,0
 
Sysselsette personar2 663 00017 000
I prosent av befolkninga67,60,3

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) var det 135 000 arbeidslause i september (gjennomsnitt av august–oktober). Auken på 1 000 arbeidslause sidan juni (gjennomsnitt av mai–juli) er klart innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV var til samanlikning uendra i den same perioden. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader. 

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal? 

AKU viser at frå mai 2014 til hausten 2015 var det ein gradvis auke i den sesongjusterte arbeidsløysa. Det siste året (september 2015–september 2016) har endringane i arbeidsløysa stort sett lege innanfor feilmarginen og nivået variert mellom 4,5 og 5,0 prosent av arbeidsstyrken

Små endringar i sysselsettinga

Frå juni til september har det sesongjusterte talet på sysselsette gått opp med 17 000. Dette er likevel ei endring som er innanfor feilmarginen. Det siste året (september 2015–september 2016) har det berre vore små endringar i talet på sysselsette. I den same perioden auka befolkninga i alderen 15–74 år, og dermed har sysselsettingsprosenten gått ned frå 67,8 prosent til 67,6 prosent i september 2016. 

Arbeidsløysa stabil i EU og USA

I USA og EU har arbeidsløysa også halde seg relativt stabil den siste perioden. I USA og Sverige gjekk arbeidsløysa opp 0,1 prosentpoeng til høvesvis 5,0 og 6,7 prosent i september, i Danmark og Frankrike gjekk den opp 0,2 prosentpoeng til høvesvis 6,3 og 10,2 prosent. I Tyskland og EU sett under eitt gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned 0,1 prosentpoeng til høvesvis 4,1 og 8,5 prosent