243069
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243069
Arbeidsløysa på 4,9 prosent
statistikk
2016-10-27T08:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,9 prosent i august 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,9 prosent

Justert for sesongvariasjonar var det 137 000 arbeidslause i august 2016. Dette utgjorde 4,9 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
August 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar137 0005 000
I prosent av arbeidsstyrken4,90,2
 
Sysselsette personar2 653 00012 000
I prosent av befolkninga67,40,1

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viste ein gradvis auke i arbeidsløysa frå mai (gjennomsnitt april-juni) 2014 til august (gjennomsnitt av juli-september) 2015. Frå august 2015 og fram til mai 2016 var den sesongjusterte arbeidsløysa samla sett nokså stabil på rundt 4,6-4,7 prosent.

Frå mai til august viser AKU at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 5 000. Dette svarer til ein auke i arbeidsløysa på 0,2 prosentpoeng. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar frå mai til august. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 12 000 frå mai til august, noko som er innanfor feilmarginen. Frå august 2015 til august 2016 har talet på sysselsette vore om lag uendra. I same periode auke befolkninga 15-74 år og dermed har sysselsettingsprosenten gått ned, frå 68,0 prosent til 67,4 prosent i august 2016. 

Arbeidsløysa stabil i EU

I EU sett under eitt utgjorde dei arbeidslause 8,6 prosent av arbeidsstyrken i august, som er uendra frå mai. I USA, Danmark, Tyskland og Sverige har arbeidsløysa også halde seg relativt stabil den siste perioden. I USA gjekk arbeidsløysa opp 0,2 prosentpoeng til 4,9 prosent i august, i Danmark og Sverige gjekk den opp 0,1 prosentpoeng til høvesvis 6,2 og 7,2 prosent, Tyskland ned 0,1 prosentpoeng til 4,2 prosent. I Frankrike gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa opp 0,6 prosent, frå 9,9 prosent i mai til 10,5 prosent i august.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB