243065_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243065
Arbeidsløysa på 4,8 prosent
statistikk
2016-08-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,8 prosent i juni 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fra 23. september vil SSB endre publiseringstidspunkt på alle statistikker til kl. 08.00.

Arbeidsløysa på 4,8 prosent

Talet på arbeidslause var 135 000 i juni, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juni 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar135 0005 000
I prosent av arbeidsstyrken4,80,2
 
Sysselsette personar2 649 000-3 000
I prosent av befolkninga67,4-0,2

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 5 000 frå mars (gjennomsnitt av februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli). Endringa i arbeidsløysa er innanfor feilmarginen. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 1 000 personar frå mars til juni. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Små endringar i sysselsette

Frå mars (gjennomsnitt av februar–april) til juni (gjennomsnitt av mai–juli) viser AKU at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 3 000. Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen. AKU har berre vist små endringar i det sesongjusterte talet på sysselsette sidan årsskiftet 2014/2015. Like fullt har det sesongjusterte talet på sysselsette under 25 år gått ned i den same perioden, medan tilsvarande tal for personar på 25 år og over har gått noko opp.

Sjølv om talet på sysselsette har vore nokså stabil sidan årsskiftet 2014/2015 har befolkninga auka i same perioden, slik at prosentdelen sysselsette har gått ned. Av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år var 67,4 prosent sysselsette i juni, justert for sesongvariasjonar. Det er en nedgang på 0,2 prosentpoeng frå mars 2016 og om lag 1 prosentpoeng lågare enn ved årsskiftet 2014/2015.

Arbeidsløysa ned i EU og USA

I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,6 prosent i juni, ned 0,1 prosentpoeng frå mars. I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,2 prosent av arbeidsstyrken i juni, ein nedgang frå 4,3 prosent i mars. I Frankrike og Sverige gjekk også arbeidsløysa ned i denne perioden, frå høvesvis 10,1 til 9,9 prosent og frå 7,2 til 6,6 prosent. I Danmark gjekk arbeidsløysa opp 0,1 prosentpoeng til 6,0 prosent. Arbeidsløysa i USA gjekk ned frå 5,0 prosent i mars til 4,9 prosent i juni.