243091
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243091
Arbeidsløysa på 4,7 prosent
statistikk
2016-05-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrkenSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,7 prosent i mars 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,7 prosent

Ifølge sesongjusterte tal var det 130 000 arbeidslause i mars 2016. Dette er om lag som i desember 2015.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Mars 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar130 0003 000
I prosent av arbeidsstyrken4,70,1
 
Sysselsette personar2 652 000-10 000
I prosent av befolkninga67,6-0,4

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) viste ein gradvis auke i arbeidsløysa frå 3,2 prosent i mai 2014 til 4,6 prosent i august 2015. Sidan det har arbeidsløysa vore nokså stabil ifølge dei sesongjusterte tala. AKU viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 3 000 frå desember 2015 (gjennomsnitt av november–januar) til mars 2016 (gjennomsnitt av februar–april). Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen.

Til samanlikning var talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV uendra frå desember 2015 til mars 2016. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for februar (gjennomsnitt av januar–mars) justert opp frå 4,6 til 4,7 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny.

Små endringar i sysselsettinga

Frå desember 2015 til mars 2016 viser AKU at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 10 000, ei endring som er innanfor feilmarginen. AKU har berre vist små endringar i det sesongjusterte talet på sysselsette dei siste månadene. Dette talet har stort sett halde seg stabilt sidan årsskiftet 2014/2015. Like fullt har det sesongjusterte talet på sysselsette under 25 år gått ned i den same perioden, medan talet for dei 25 år og over har gått omtrent tilsvarande opp.

Uendra arbeidsløyse i USA, ned i EU

I USA utgjorde dei arbeidslause 5,0 prosent av arbeidsstyrken i mars 2016, som er uendra frå desember 2015. I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,8 prosent i mars, ned frå 9,0 prosent i desember. Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 0,2 prosentpoeng i både Tyskland og Frankrike i denne perioden, til høvesvis 4,2 og 10,0 prosent i mars.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB