243087
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243087
Arbeidsløysa på 4,8 prosent
statistikk
2016-03-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,8 prosent i januar 2016.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,8 prosent

I januar var det 134 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 4,8 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Januar 2016Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar134 0005 000
I prosent av arbeidsstyrken4,80,2
 
Sysselsette personar2 657 0007 000
I prosent av befolkninga67,80,0

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 5 000 personar frå oktober 2015 (gjennomsnitt av september–november) til januar 2016 (gjennomsnitt av desember–februar). Endringa er innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med utviklinga sidan mai 2014, då arbeidsløysa var på 3,2 prosent. Sidan den tid har det sesongjusterte talet på arbeidslause gått opp med 47 000. AKU viser at 31 000 av desse var over 24 år.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 2 000 frå oktober 2015 til januar 2016. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for desember 2015 (gjennomsnitt av november–januar) justert opp frå 4,5 til 4,6 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny.

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 7 000 frå oktober 2015 til januar 2016, noko som er innanfor feilmarginen. Ifølge AKU har talet på sysselsette vore uendra siste år når ein tar omsyn til feilmarginen. Men sidan befolkninga 15–74 år har auka i den same perioden, har prosentdelen sysselsette gått gradvis ned. Frå januar 2015 til januar 2016 gjekk prosentdelen sysselsette ned med 0,7 prosentpoeng, til 67,8 prosent.

Arbeidsløysa går ned i EU og USA

I Tyskland utgjorde dei arbeidslause 4,3 prosent av arbeidsstyrken i januar 2016, ned 0,2 prosentpoeng frå oktober 2015. I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 8,9 prosent i januar, ned frå 9,1 prosent i oktober. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i same periode, til 4,9 prosent. I både Sverige og Danmark gjekk arbeidsløysa ned med 0,2 prosentpoeng, til høvesvis 7,0 og 5,9 prosent i januar.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB