243085
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
243085
Arbeidsløysa på 4,5 prosent
statistikk
2016-02-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,5 prosent

Justert for sesongvariasjonar var det 126 000 arbeidslause i desember 2015, om lag som i september.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Desember 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar126 000-2 000
I prosent av arbeidsstyrken4,5-0,1
 
Sysselsette personar2 660 00012 000
I prosent av befolkninga67,90,1

Arbeidskraftundersøkinga (AKU) har vist ein gradvis auke i arbeidsløysa frå 3,2 prosent mai 2014 til 4,6 prosent august 2015. Sidan det har arbeidsløysa vore stabil. AKU viser at det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk ned med 2 000 frå september (gjennomsnitt av august–oktober) til desember (gjennomsnitt av november–januar). Dette er ei endring som er innanfor feilmarginen.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 3 000 frå september til desember. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 12 000 frå september til desember, noko som er innanfor feilmarginen. Sidan befolkninga 15–74 år auka i denne perioden, har prosentdelen sysselsette vore stabil på om lag 68 prosent.

Arbeidsløysa framleis ned i EU

I EU sett under eitt utgjorde dei arbeidslause 9,0 prosent av arbeidsstyrken i desember, ned 0,2 prosentpoeng frå september. I USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i denne perioden, til 5,0 prosent. I Sverige var arbeidsløysa på 7,2 prosent i desember, ned frå 7,3 prosent i september. I Danmark var arbeidsløysa uendra på 6,0 prosent.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB