212300
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
212300
Uendra arbeidsløyse på 4,6 prosent
statistikk
2016-02-03T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,6 prosent i november 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra arbeidsløyse på 4,6 prosent

Det var 127 000 arbeidslause i november, justert for sesongvariasjonar. Dette svarer til 4,6 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
November 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar127 0000
I prosent av arbeidsstyrken4,60,0
 
Sysselsette personar2 649 000-4 000
I prosent av befolkninga67,7-0,3

Det sesongjusterte talet på arbeidslause var uendra frå august (gjennomsnitt av juli–september) til november (gjennomsnitt av oktober–desember), ifølge Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk til samanlikning opp med 3 000 frå august til november. Dette talet er også sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Kvifor har NAV og SSB ulike arbeidsløysetal?

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 4 000 frå august til november, noko som er innanfor feilmarginen. Ifølge AKU har talet på sysselsette vore uendra gjennom 2015 når ein tar omsyn til feilmarginen. Men sidan befolkninga 15–74 år har auka i denne perioden, har prosentdelen sysselsette gått gradvis ned. Frå august til november gjekk prosentdelen sysselsette ned med 0,3 prosentpoeng, til 67,7 prosent.

Arbeidsløysa ned i EU

I EU sett under eitt utgjorde dei arbeidslause 9,1 prosent av arbeidsstyrken i november. Det er ein nedgang på 0,2 prosentpoeng frå august. Det er store skilnader mellom EU-landa i nivået på arbeidsløysa. I november var til dømes arbeidsløysa på 21,4 prosent i Spania, 11,3 i Italia, 10,1 i Frankrike og 4,5 i Tyskland. I Danmark og Sverige var arbeidsløysa på høvesvis 6,0 og 6,8 prosent i november, begge ned 0,2 prosentpoeng frå august.

Historisk høg arbeidsløyse?

I 1993 var både talet på arbeidslause og arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken høgare enn i dag (sjå figurane 1 og 2). Sesongjusterte tal frå AKU viser ein topp på over 140 000 arbeidslause i 3. kvartal 1993, mens det høgaste publiserte talet for 2015 var 129 000. Når vi ser på arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken, var den 6,8 prosent i 1993, mot dei siste publiserte tala på 4,6. At prosentdelen var høgare i 1993 heng ikkje berre saman med at det var fleire arbeidslause, men også at arbeidsstyrken var vel 600 000 lågare. Arbeidsløysa blir rekna i prosent av arbeidsstyrken.

Sidan 1993 har AKU vore gjennom nokre endringar som har gitt brot i tidsserien. I tala ovanfor er det tatt høgde for det aller meste av desse endringane.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB