212292
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
212292
Arbeidsløysa på 4,3 prosent
statistikk
2015-09-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,3 prosent i juli 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,3 prosent

I juli var det 120 000 arbeidslause, justert for sesongvariasjonar. Dette utgjorde 4,3 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juli 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar120 0003 000
I prosent av arbeidsstyrken4,30,1
 
Sysselsette personar2 654 0008 000
I prosent av befolkninga68,10,0

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 3 000 personar frå april (gjennomsnitt av mars-mai) til juli (gjennomsnitt av juni-august). Auken er innanfor feilmarginen i AKU. Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV opp med 5 000 frå april til juli. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for juni (gjennomsnitt av mai-juli) justert ned frå 4,5 til 4,4 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny.

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 8 000 frå april til juli, ei endring som er innanfor feilmarginen. I juli var 68,1 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år sysselsette, som er uendra frå april.

Sjølv om auken i talet på sysselsette mellom april og juli er innanfor feilmarginen, er auken i tråd med ein svakt stigande trend sidan byrjinga av 2013. Frå januar 2013 til juli 2015 gjekk sysselsettinga opp med 63 000, der heile auken kom blant dei over 24 år.

Arbeidsløysa ned i Sverige

I juli utgjorde dei arbeidslause i Sverige 7,3 prosent av arbeidsstyrken. Det er 0,4 prosentpoeng ned frå april. Arbeidsløysa i Danmark gjekk ned med 0,1 prosentpoeng til 6,2 prosent. I Tyskland gjekk arbeidsløyseprosenten ned frå 4,8 i april til 4,7 i juli, medan ho i Frankrike gjekk opp frå 10,2 til 10,4. I EU sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng frå april til juli, til 9,5 prosent. Også i USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng i denne perioden, til 5,3 prosent.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB