212290
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
212290
Arbeidsløysa på 4,5 prosent
statistikk
2015-08-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Arbeidsledigheten var 4,5 prosent i juni 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på 4,5 prosent

Justert for sesongsvingingar var det 124 000 arbeidslause i juni. Dette utgjorde 4,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
Juni 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar124 0008 000
I prosent av arbeidsstyrken4,50,3
 
Sysselsette personar2 653 00011 000
I prosent av befolkninga68,20,1

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 8 000 personar frå mars (gjennomsnitt av februar-april) til juni (gjennomsnitt av mai-juli). Auken er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med ein stigande trend sidan mai 2014. I løpet av denne perioden har auken vore sterkast blant dei under 25 år, men det har også vore auke i arbeidsløysa blant dei i alderen 25-74 år, og særleg blant menn.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 4 000 frå mars til juni. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Små endringar i sysselsettinga

AKU viser at det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk opp med 11 000 frå mars til juni, ei endring som er innanfor feilmarginen. I juni var 68,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år sysselsette, opp med 0,1 prosentpoeng frå mars.

Arbeidsløysa ned i Danmark og Sverige

Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i Danmark 6,0 prosent av arbeidsstyrken i juni, ned 0,3 prosentpoeng frå mars. Også i Sverige gjekk arbeidsløysa ned i perioden, der med 0,1 prosentpoeng til 7,4 prosent. I EU sett under eitt var arbeidsløysa på 9,6 prosent i juni, ned frå 9,7 prosent i mars.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB