204222_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/maaned
204222
Arbeidsløysa 4,2 prosent
statistikk
2015-06-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false
Arbeidskraftundersøkelsen, sesongjusterte månedlige tall, viser utviklingen i sysselsetting og arbeidsledighet på kort sikt. Ledigheten var 4,2 prosent i april 2015.

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2015

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa 4,2 prosent

Endringane i talet på sysselsette og arbeidslause frå januar til april 2015 er i tråd med ein gradvis svekka arbeidsmarknad.

Arbeidsløyse og sysselsetting for personar 15-74 år. Sesongjusterte tal1
April 2015Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode
13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden.
Arbeidslause personar117 0007 000
I prosent av arbeidsstyrken4,20,3
 
Sysselsette personar2 648 000-8 000
I prosent av befolkninga68,1-0,4

Ifølge sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) gjekk arbeidsløysa opp med 7 000 personer frå januar (gjennomsnitt av desember–februar) til april (gjennomsnitt av mars–mai). Auken er innanfor feilmarginen i AKU, men likevel i tråd med ein stigande trend sidan mai 2014.

Sidan den førre publiseringa er arbeidsløyseprosenten for mars (gjennomsnitt av februar–april) justert opp frå 4,1 til 4,2 prosent. Slike justeringar er vanlege når ein kvar månad reknar ut heile tidsserien på ny.

Talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV gjekk opp med 1 000 frå januar til april. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.

Lågare sysselsettingsprosent

I april (gjennomsnitt av mars–mai) var 68,1 prosent av befolkninga i alderen 15-74 år sysselsette, ned 0,4 prosentpoeng frå januar (gjennomsnitt av desember–februar). Det sesongjusterte talet på sysselsette gjekk ned med 8 000 frå januar (gjennomsnitt av desember–februar) til april (gjennomsnitt av mars–mai). Endringa er innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsløysa fortsatt ned i EU og USA

Arbeidsløysa i EU sett under eitt har gått gradvis ned den siste tida. Ifølge sesongjusterte tal utgjorde dei arbeidslause i EU 9,7 prosent av arbeidsstyrken i april. Dette er ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå januar. Også i USA har arbeidsløysa gått ned den siste tida, men der frå eit lågare nivå enn i EU. I april var arbeidsløysa i USA på 5,4 prosent, ned 0,3 prosentpoeng frå januar.